
Benedikte og Marie tok turen til Vårmarknaden i Seljord i helga – dei var ikkje aleine
Frå torsdag til laurdag har det vore Vårmarknad på Dyrskuplassen i Seljord. Men alt på tysdag kom dei fyrste gjestene til festivalbygda.
Swingkurs og auksjon, bilutstilling og konsert, og sjølvsagt marknad der du kan finne alt du treng og det meste du ikkje visste du hadde behov for.
Frå torsdag 29. til seint på kvelden laurdag 31. har det vore Vårmarknad i Seljord. Laurdag ettermiddag snakkar VTB med Yvonne Eilefstjønn i Dyrsku'n Arrangment, og ho er kjempefornøgd med helga så langt.
- Alt i går var me langt over fjoråret, fortel Eilefstjønn.
Førebels har dei ikkje fullstendig oversikt over kor mange besøkande dei har hatt på Dyrskuplassen i helga, men dei er altså godt fornøgde og alt tysdag byrja tilreisande å kome til Seljord.
- Det var også veldig bra på Anne Nørdsti i går kveld. Då var det dans, og folk kosa seg, seier Eilefstjønn.
Laurdag kveld er det både dans med Rabalders på Sheriffen og konsert med Byting i Storstogo, og ifølge Eilefstjønn er det mange som alt har sikra seg billettar og det blir ein god blanding av lokale og dei som campar i Seljord.

I november kom meldinga om at der er slutt for dansebandfestivalen etter 25 år, men tidlegare i vår kom meldinga om at vårmarknaden blir større.
- Me har fornya konseptet litt. Dette er eit arrangement som me har sett blitt meir og meir populært, og særleg sidan pandemien, seier Eilefstjønn.
Gamle leiker og heimelaga smykke
To av dei som har rigga seg til med eigen stand på marknaden, er 5.-klassingane Benedikte Heggtveit og Marie Wang frå Seljord. Dei fortel at det er fyrste gong dei har eigen stand.

- Me sel gamle klede og leiker, og heimelaga smykke som Marie har laga, fortel dei.
- Eg vil berre selje det ut billig, og er open for pruting, fortel Benedikte og smiler.
Jentene håpar dei kan ta seg ein tur til Bø for pengane dei tener.
Dugnad for tur
Niandeklassingane i Seljord har planar om ein avslutningstur når dei går 10. klasse, og har derfor samla inn både heimelaga ting og andre bruktvarer som dei sel. Elevane byter på å stå i boden saman med ein vaksen. I løpet av fredagen tente dei om lag 3000 kroner og er godt fornøgde med det.
- Eg synest det er heilt greitt å jobbe dugnad, fortel Sander Steinmoen Odden, som har laurdagens fyrste vakt saman med Live Flatland og mamma Lisbeth Steinmoen Odden.

Dei er nesten 50 elevar på trinnet, og planen er ein tur til Rjukan og Utøya. Målet med dugnadsjobbinga er å tene nok pengar slik at det kan bli ein overnattingstur. Derfor blir det truleg også litt dugnadsarbeid på Countryen, Dyrsku'n og kanskje på nattope i Seljord.
Sokkar, glas og servise
Alf-Magnus og Anita Berg Ulfseth driv bruktbutikk heime på låven der dei bur i Gran på Hadeland. Men dei reiser også på marknad rundt omkring, og har mellom anna vore i Bø.
- Dette er fyrste gong me er i Seljord, fortel Alf-Magnus.
Paret er ganske fornøgde med besøket på fredagen.
- Men det var litt vind, så det kan ha lagt ein dempar på det, seier Alf-Magnus.

I boden har dei koppar, glas, pyntegjenstandar, krims og krams. Og to stativ med ei heimestrikka sokkar i det velkjende Marius-mønsteret i alle moglege slags fargar. Det er Alf-Magnus som strikkar dei fargerike sokkane, som er svært populære.
- Elles er retro glas og servise populært, seier paret frå Hadeland.