Det skal lagast reguleringsplan for ny strekning her ved Vrengen bru i Eidsborg.

Må gjere undersøkingar av vegen – då blir det lysregulering

2.-5. juni blir fylkesveg 450 mellom Reflebekk og Berg i Eidsborg lysregulert, og trafikantane må rekne med litt ventetid.

Telemark fylkeskommune har bestemt at det skal lagast reguleringsplan for utbetring av fylkesveg 450 gjennom Eidsborg. Det er strekninga ved Vrengen bru som skal bli utarbeidd. 

Kartet viser kvar arbeidet skal skje.

Fyrstkomande veke, frå måndag 2. juni til fredag 5. juni, blir det arbeid som omfattar grunnundersøkingar av strekninga mellom Reflebekk og Berg. 

Tokke kommune melder på sine heimesider at vegen blir lysregulert og at trafikantane må rekne med noko ventetid. Kommunen ber trafikantar vise omsyn og fylgje skilting og anvisningar på staden.

Powered by Labrador CMS