Bjørn Nordskog
Bjørn Nordskog er leiar av Kviteseid skyttarlag.

Nå byrjar skyteprøvene - minner  jegerane om at  det er nye rutinar

1. april vart det lansert ny nettapplikkasjon for «Skyteprøvekontrollør» og «Min Jegerdokumentasjon».

Publisert Sist oppdatert

- I mange år har folk vore kjende med appen, men nå er det ny versjon og det er best om folk gjer det før dei kjem på banen for å ta skyttarprøva, seier Bjørn Nordskog som er leiar i Kviteseid skyttarlag. 

1. april vart det lansert ein ny nettapplikasjon for både «Skyteprøvekontrollør» og «Min Jegerdokumentasjon». Det betyr at det ikkje er mogleg å laste den gamle appen ned via Google Play eller App Store lenger, og om ein har dei lasta ned frå før vil dei ikkje fungere lenger. Jegerane som skal ta skyteprøva må altså laste ned dei nye, og då må dei gå på heimesidene til Landbruksdirektoraret. 

- Der vil dei også få ei forklaring på korleis ein gjer det, informerer Nordskog.

Alle som skal på storviltjakt til hausten må ta skyttarprøva fyrst. Det er 30 obligatoriske treningsskot fordelt på to økter. Og får å få lov til å ta skyttarprøva må ein vere registrert og ha «Min Jegerdokumentasjon». 

- Dei ulike skyttarlaga i Vest-Telemark gjer slik at det er mange anledningar for å ta skyttarprøva, seier Nordskog, og både medlemmer og ikkje-medlemmer kan kome og ta prøva. 

I Kviteseid byrjar dei fyrstkomande helg, og i tida framover blir det fleire skyttarprøver på banen, heilt fram til jakta startar. 

Powered by Labrador CMS