
Minneord om Ragnvald Christenson
Minneord
Det er mange gode minne etter samvær med Ragnvald. Me vart kjent med kvarandre for 68 år sidan. Dette var i januar 1957 og me skulle båe gjennomføre eit 6 månaders kurs på Scullers Handelsskule i Skien. Ragnvald hadde nyleg fyllt 17 år, sjøl var eg 18. Me vart straks gode vener. På skulen var me 32 elevar, 24 jenter og 8 gutar.
Fyrste gong me me møtte kvarandre etter handelsskulen var ein vinterkveld i 1960. Eg var då bestyrar på Vinjesvingen Samvirkelag og budde i 2. høgdi på bui. Utanfor stoppa det ein brøytebil. Det banka på - kven var det ? Det var Ragnvald - han køyrde brøytebilen. Han ville at eg skulle bli med han ein liten tur - og eg skulle køyre. Slik vart det til at eg ein gong har køyrd brøytebil fordi Ragnvald meinte eg hadde moro av det. Det hadde han rett i.
På hausten 2004 ringer Ragnvald meg. Han hadde ein idé - å samle alle elevane frå 1957 til ei helg på Morgedal Hotell. Dette var altså 47 år etter Handelsskulen. Eg var litt skeptisk - har du namna på dei da - spurde eg? Ja, Ragnvald hadde namneliste på alle, notera i 1957. Det som var problemet - var at jentene hadde bytta etternamn - dei hadde gifta seg. Men det var ei som ikkje var gift - ho jobba i Coward Jernvare i Skien. Ho var til god hjelp med å finne ut av dei nye etternamna på alle jentene.
Det vart ei hyggeleg samling der det møtte 10 jenter og 3 gutar. Erik Sundbø frå Flåbygd - som var min hybelkamerat kom òg, men var fråverande ved fotografering. Journalist Anne Sofie Tresland frå VTB vart kontakta og ho tok bilde og skreiv om samlinga på Morgedal Hotell for godt over 21 år sidan.
Me møtte kvarandre tilfeldig mange gonger gjennom livet, men det var på Øyfjell Bygdemuseum sumaren 2024 at eg møtte Ragnvald for siste gong.
Takk for den du var, Ragnvald. Kvil i fred.