Heldt i ein time – så var det slutt
To mål av Jan Marcus Hjertås var ikkje nok til å sikre Seljord poeng mot topplaget Borg torsdag.
Storskåraren frå Kviteseid gav heimelaget føringa på Eventyrøy torsdagskvelden, og han utlikna til 2-2 etter at Borg hadde snudd kampen i fyrste omgang. Borg var igjen foran tidleg i andre omgang, og sjølv om Halvor Vadder utlikna til 3-3 blei det nytt tap for seljordingane – det niande for sesongen. Borg, som er nummer to på tabellen, skåra ytterlegare tre mål og vann komfortabelt 6-3.
Seljord er nummer elleve i 6. divisjon med fire poeng. Herøya og Drangedal på plassane over har ni poeng med like mange kampar spela.
Neste kamp for Seljord er borte mot Bamble torsdag. Bamblingane er midt på tabellen med tolv poeng.