
«Heilt tilfeldig» – og heilt rett for Marie, som debuterer som soloartist
Etter mange år som medlem av The Northern Belle, og som vokalist, hardingfelespelar, gitarist og fiolinist for andre artistar, står Marie Tveiten (32) frå Seljord no på eigne bein.
– Eg har villa dette heile livet eigentleg, men har enda opp med å jobbe med alle andre prosjekt. Det har vore ei blanding av å prokrastinere og ikkje tore, men no har eg kome til det punktet at eg bryr meg litt mindre – og det kjennest godt, smiler Marie.
20. juni slepper ho debutlåten «Heilt tilfeldig».
Frå e-post til platekontrakt
Til dagleg bur Marie i Oslo og jobbar i Bien Sparebank, ein liten bank med 30 tilsette.
– Eg er finanskvinne og musikar, ler ho.
Å vere musikar på heiltid trur ho ikkje hadde passa henne noko særleg.
– Eg treng faste rutinar og ein stad å møte opp måndag morgon. Eg trivst veldig godt slik det er no, og trur ikkje eg hadde klart det svevande musikarlivet fullt ut.
Marie hadde bestemt seg for å gje ut musikken sin no, sjølv om ho ikkje nødvendigvis var heilt nøgd med alt.
– Men eg er så stolt av det eg lagar. Det er dobbel lykke, for eg får både gjennomført det og eg er stolt av det, seier ho.
Nyleg signerte Marie platekontrakt med Sony Music og Drabant.
– Det er ekstremt stas, seier ho entusiastisk.
Ho fortel at ho sende ein e-post til sjefen i Drabant.
– Han svarte at han godt visste kven eg var, og kven eg hadde spelt med. Han skreiv at dei eigentleg hadde heilt full stall, men at han ikkje kunne la vere å ta ein kaffi med flinke folk.
Dette er berre ein månad sidan, og sidan har det gått slag i slag.

– Dei kasta seg rundt, og eg fekk kontrakt og full plan for singelutgjeving, seier ho.
Songane er sjølvsagt på Vest-Telemarkdialekt.
– Det sjarmerte kanskje litt også, ler Marie, og legg til at dialekten er heilt naturleg for henne å bruke.
– Det er det som gir mest meining, for det er slik eg tenker, føler og skravlar.
Produsenten hennar, som faktisk spelar i bandet Hajk saman med Sigrid Aase frå Flatdal, har vist seg å vere ein ideell samarbeidspartnar.
– Han er heilt fantastisk. Han forstår kvar eg vil med musikken, sjølv når eg ikkje klarar å forklare det. Det har vore full klaff, seier ho.
Låtar frå eige liv
Marie er kjend for mange som «ho som er med i band», men no skal ho altså stå på eigne bein.
Korleis blir det?
– Det blir veldig spennande, og det kjennest veldig riktig. Det blir moro å formidle eigne tekstar, og det blir noko heilt anna enn å kore for andre. No må eg gje meir av meg sjølv.
Er det personlege tekstar?
– Ja, definitivt. Mykje av det eg skriv om er basert på eigne opplevingar og tankar.
Debutlåta «Heilt tilfeldig» er fyrste smakebit på eit komande album der tema som singelliv, kjærleik og familieforhold står sentralt.
– Låta handlar om det å vera singel, håpefull og kanskje litt desperat. At du går på bar i håp om å møte han du likar «heilt tilfeldig». Det trur eg fleire kan kjenne seg igjen i.
Kva kan me forvente oss av dei andre låtane som kjem?
– Det kjem eit par låtar til om singellivet i 2025, om den vanskelege vegen til å bli kjærastar. Eg er innom mange ulike tema, men ikkje dei tyngste. Det er lettbeint og forhåpentleg litt humoristisk. Dessutan gler eg meg til å gje ut ein song som handlar om at eg er glad for at folk tek meg som den vimsa eg er.
Marie fortel at ho skriv det meste av musikken saman med mora si, forfattar Kristin Tveiten. Mora har til og med sett sitt eige bokprosjekt på pause for å hjelpe dottera med låtane. Dei samarbeider tett frå skrivestova på familiegarden Tveiten i Hauggrend i Fyresdal.
– Det er veldig fint og moro å skrive saman, for me tenker heilt likt, seier ho.
Det høyrest ut som at heile prosessen har vore veldig positiv og gledeleg?
– Ja, verkeleg. Eg har hatt eit litt vanskeleg år, men på slutten av ein slik periode så kjem det ofte noko fint ut av det. Så dette er mitt spark tilbake til livet. Eg merkar at det gjer meg godt å drive med musikk, seier ho.
– Fått ut fingeren som berre det
Marie fortel at interessa for musikk starta tidleg.
– Det har alltid vore viktig for meg. Eg song meg gjennom songboka alt som toåring, ler ho.
Alt i 1. klasse byrja ho å spela fiolin, med Ragnhild Knudsen som lærar.
– Eg fekk mykje musikalitet frå den tida. Ragnhild lét meg spela det eg hadde lyst til, og det gjorde at eg ynskte å halde fram, seier ho.
Ho song òg i barnekoret i Seljord, leia av Gunn Steinstad.
– Det er så viktig med slike kulturskulepersonar som gjer at musikk er moro, understrekar ho.

Marie fortel at det alltid har vore viktig å formidle, men at det tok litt tid før ho skjøna at det å gje ut eigen musikk var noko for henne.
– Eg er ti år på overtid, men no har eg fått ut fingeren som berre det, ler ho.
For Marie ligg den største gleda i sjølve skapinga.
– Så det er eg jo ferdig med idet eg gjev ut, seier ho og ler.
– Men det blir utruleg tilfredsstillande å få det ut i verda, legg ho til.
Ho seier ho ikkje har store forventingar eller ambisjonar.
– Eg synest berre det er utruleg moro å få lov til å gjere dette. Og om det eg likar å halde på med også kan glede andre, så er det ein kjempebonus, avsluttar ho.