Hans Tore Sanden.

Hans Tore Sanden

Minneord

Tid for å sørge

——

Halde hender

Halde seg fast

Livets umistelege gledes venn

borte i eit vindpust

ein ektemann ein far ein bror 

ein onkel ein svoger ein venn

Sorgens budskap feiar 

over jord og himmel

over vatn og vidder

over tanke og såre sinn

——

Hald fast om hald tett om 

den umistelege uerstattelege den kjære den nære truverdig tilstadeverande folkekjære tonerike smilande empatiske stolte kjærleiksfulle milde

——

Liljene på marka songen i lufta

musikken i minnene i sinn i sjel

aldri rådlaus alltid målretta

alltid smilande varm nær 

løysning orientert vennskapelig

uerstatteleg så uerstatteleg 

——

Det er mykje som vart borte med deg Hans Tore 

Likevel skal du vite at du lærte andre uendeleg mykje 

både meg og venner 

dine nære kjære

Lyset du tende slokner aldri

——

Eg gjev alle ei hand å halde i

Slepp den ikkje den du finn

——

I stor ærbødighet

Inger Moen

Powered by Labrador CMS