Gunnhild Stende Bjaadal vart biten av hoggorm.

Då Gunnhild bøygde seg etter blomen, hogg ormen til

Det som byrja som ein idyllisk tur på jakt etter liljekonvall og orkidéar i Svartdal, enda med ambulanse og sjukehusopphald for Gunnhild Stende Bjaadal (80). No vil ho åtvare andre etter møtet med hoggormen.

Publisert Sist oppdatert

– Eg plukka liljekonvall, og så kjende eg plutseleg at det beit til på knoken. Då såg eg ormen snurre seg opp, og eg skjøna med ein gong kva det var, fortel Gunnhild.

Sundag var ho på tur i området Blika i Svartdal. Ho ville sjå etter liljekonvall og søstermarihand – ein sjeldan orkidé som veks i området

Medan ho plukka liljekonvall, kjente ho plutseleg eit stikk.

– Det var ein liten hoggorm, som ikkje hadde vett til å porsjonere ut gifta, fortel ho.

Gunnhild fortel at ho fylgde eit gamalt kjerringråd – som både ho og helsepersonell sterkt vil fråråde andre å gjera.

– Eg prøvde å suge ut gifta, fortel ho.

Til sjukehus

Gunnhild ringde mannen sin, Lars, som var i Seljord. Han reiste til legekontoret for å varsle om situasjonen.

– Eg tenkte fyrst at dei kanskje hadde motgift der, men fekk vite at slik behandling berre finst på sjukehus, seier han.

Medan mannen varsla, byrja Gunnhild å gå den snaue kilometeren tilbake til bilen, før ho køyrde dei to mila til Seljord.

Samtidig fekk ho fleire telefonar frå helsepersonell.

– Dei bad meg stoppe bilen og ringe 113. Men eg tenkte at dette ikkje kunne vere så farleg, så eg køyrde vidare mot Seljord. Eg måtte jo koma meg ned att, og eg kjende meg ikkje dårleg.

Derifrå vart ho sendt vidare med ambulanse til sjukehuset på Notodden.

– Retningslinene seier at eldre pasientar skal sendast på sjukehus etter hoggormbit, forklarar Lars.

På sjukehuset vart 80-åringen lagd inn til overvaking gjennom natta.

Legane vurderte motgift, men valde å fylgje utviklinga tett.

– Dei teikna strekar på armen med tusj for å sjå kor langt hevelsen og misfarginga spreidde seg, forklarar Gunnhild.

– Det er frykteleg vondt, seier Gunnhild om smertene i handa og armen etter hoggormbitet.

Hoggormbit

Til å byrje med er det einaste teiknet på hoggormbit to tydelege stikkmerke på bitstaden. Ofte vil du berre få lette symptom som smerte, hevelse og raudne rundt bitstaden. Meir alvorlege symptom er magesmerter, ev. kvalme og oppkast, lågt blodtrykk og hjartebank, pustevanskar, svimmelheit. Hevelsar som spreier seg raskt, er eit alvorleg teikn.

Blir du biten, er det viktig at du held deg roleg. Ikkje stress eller spring. Held du deg roleg, kan det dempe reaksjonen litt. Helst bør du ikkje gå sjølv, og alle barn bør berast om dette er mogleg. Du kan også ringe etter ambulanse på naudnummer 113.

Fyrstehjelpsråd:

  • Bitstaden bør haldast høgt, og mest mogleg i ro

  • Bitstaden skal vere i fred (ikkje klem, skjer eller sug)

  • Pasienten bør berast, eventuelt på båre dersom det er mogleg

Sjølv om du kjenner deg pigg, bør alle som blir bitne, kome seg til ein legesjekk så raskt som mogleg. Det hender at reaksjonane kan auke nokre timar etter bitet. Du kan også ringe Giftinformasjonen på telefonnummer 22591300.

Behandlinga hos lege varierer frå rein observasjon av milde tilfelle, til innlegging på sjukehus. Ved alvorlege reaksjonar blir ein behandla med motgift (antivenin).

Kjelde: NHI

Forferdeleg vondt

Sjølv om allmenntilstanden har vore god, har smertene vore kraftige.

– Det har vore forferdeleg vondt. Så vondt at det nesten ikkje går an å beskrive, seier Gunnhild.

Armen er framleis svært hoven.

– Han er minst dobbelt så stor som vanleg, og heilt mørkeraud og blå.

Måndag kveld måtte ho tilbake til legekontoret for å få meir smertelindring.

Legane har varsla at det kan ta tid før armen er tilbake til normalen.

– Dei snakka om opp mot tre veker før hevelsen går skikkeleg ned.

I mellomtida må mannen hjelpe til med fleire kvardagslege oppgåver.

– Han må skjere opp brødskivene mine, for det greier eg ikkje, ler ho.

Gunnhild håpar historia kan vere til nytte for andre som ferdast i skog og mark.

Vil opplyse andre

Etter opplevinga har Gunnhild lese mykje om hoggorm og kva som skjer når ein blir biten.

– Eg har fått ein heilt annan respekt for hoggorm. Eg tenkte fyrst at det ikkje kunne vere så farleg, men det var feil.

Blir ein biten skal ein halde seg heilt i ro.

Lars er opptatt av viktigheita av at legekontora i Vest-Telemark har ein god beredskap, og veit kva dei skal gjera om nokon kjem inn med hoggormbit.

– Det blir sagt at det er mykje orm i år, så det er avgjerande at legekontora veit kva dei skal gjera, seier han og understrekar at Seljord legekontor fylgde prosedyrar og retningsliner på beste måte.

Gunnhild håpar historia kan vere til nytte for andre som ferdast i skog og mark.

– Folk må vere forsiktige, særleg på varme dagar og ved gamle steingardar og murar der hoggorm ofte held til. Om ein blir biten, må ein halde seg mest mogleg i ro og kontakte helsevesenet.

Samtidig understrekar ho at folk ikkje må la seg skremme frå å gå ut.

Kva med deg, har du blitt redd for orm etterpå?

– Eg har vore redd for orm heile mitt liv, eg. Eg skulle ha trampa mykje meir. Det lærte me som små, seier ho.

Denne dagen var ikkje det i tankane hennar.

– Eg skulle plukke blomar, eg. No har eg lært at eg skal sjå meg betre for.

Er du innstilt på at du skal ut å plukke blomar att, eller har du fått skrekken?

– Nei, eg skal nok plukke att. Det får vera måte på, smiler ho.




























Powered by Labrador CMS