Natalie Indine Hansen (15) frå Vrådal.

Det blei noregsrekord inne – nå vil Indine svømme seg til topps utandørs også

Natalie Indine Hansen (15) frå Vrådal har tevla innan livredning i snart ti år. Som sisteårs juniorutøvar tok ho laggull og noregsrekord for nokre veker sidan. Neste mål er å kome øvst på pallen på utandørs NM i august. 

Publisert

VTB møter 15-åringen på Straand hotell i Vrådal.

– Eg får lov av Katrine (Straand, red.merk) til å kome hit i svømmehallen for å trene når eg vil, før eller etter skulen eller når eg har fri. Det er veldig bra. Bassenget er ikkje så stort, men det er greitt, seier Natalie Indine Hansen medan ho viser veg ned til svømmehallen på hotellet. 

Indine fortel at ho i tida før konkurransar gjerne trenar kvar einaste dag, og at det er ekstra kjekt å kunne ta sparkesykkelen og reise på trening i heimbygda når det passar henne best. Treningsøktene ho gjennomfører sjølv kjem i tillegg til vanlege treningar ho har saman med andre i Seljord, og når ho reiser til klubbkameratane i NLS Romerike om lag ein gong i månaden. 

– Før innandørs NM tidlegare i vår droppa eg fotballen også, og satsa bare på svømming. Eg trenar mykje teknikk etter eit program trenaren min gjev meg. Eg gjer øvingar, filmar øktene og sender dei til trenaren for å få tilbakemelding og rettleiing, seier ho. 

Me undrar kva øvingar dette til dømes kan vere?

– Som for eksempel når eg gjer fråspark i bassenget, tar kråletak eller redning av dokke. Dei vil sjå om eg brukar rett teknikk. 

Trenaren hennar høyrer heime hos NLS Romerrike, klubben Indine høyrer til og konkurrerer for. 

Likar aktivitet

Indine likar seg også godt på fotballbanen saman med lagveninnene i Kviteseid. 

– Men om eg må velje mellom svømming og fotball er nok svømming eit hakk over. Men det er fint å kombinere, for fotballen gjev meg god kondistrening, seier ho.

Noregs livredningsselskap omtalar sporten Indine driv med som fart, styrke – og kunnskap som kan redde liv i vatn. Og Indine kombinerer gjerne ein badetur om sommaren med trening.

– I fjor sommar dukka eg til dømes ned og sanka golfballar som hadde hamna i vatnet utanfor Fossøy, det blei trening det også, seier ho med eit smil. 

Deler kunnskap

Når ho ikkje trenar svømming 2–3 gonger i veka sjølv, brukar ho gjerne eigen kunnskap og erfaring til å trene andre i den lokale svømmeklubben. Dei kjem saman i svømmehallen i Seljord på vinteren, og trenar på stranda i sentrum av Vrådal når vasstemperaturen blir varm nok. 

15-åringen likar tevlingane utandørs aller best, der det er meir tempo og ulike ting ein skal meistre – til dømes i ein stafett. Innandørs jobbar ein meir direkte mot redning av person, men med dokke.

– Det er mest gøy ute, og det er det eg føler eg er best på også. Då må eg både springe, padle kano, svømme og bruke brett. 

Fram mot utandørs NM i august vil Indine fokusere mykje på trening. 

Resultat innandørs NM

for Natalie Indine Hansen

6. plass 200 hinder 

2. plass og sylv i linethrow 

2. plass og sylv på 50m×4 lag

1. plass, gull og noregsrekord for lag i dukkestafett 

3. plass og bronse 50m manikin carry

2. plass og sylv 100m rescue medley

1. plass og gull 4×50m medley relay

3. plass og bronse på 200m superlifesaver

1. plass, gull og noregsrekord for lag 4×50m lifesaver relay

2. plass og sølv på 100 m manikin carry with finst.

4. plass på Nordisk stafett lag.

– Eg håpar eg kan klare å vinne fleire gull på NM i sommar. Eg har hatt gode resultat i dei andre tevlingane, og føler eg har gode sjansar i år, seier ho med eit smil. 

22–23. august skal Indine delta på utandørs NM i havlivredning, eller NM hav som det også blir kalla. Denne meisterskapen blir arrangert på Batteristranda i Larvik. 

Her får utøvarane testa ferdigheiter, styrke og fart som ein kan direkte overføre til å redde liv i sjøen. Idretten kombinerer svømming med bruk av livredningsutstyr i utfordrande omgjevnadar. 

– Under tevlinga vil det bli kåra ein noregsmeister i alle øvingar og klasser, melder Noregs Livredningsselskap.

Stolte av Indine

Tidlegare i mai melde styret i Vrådal idrettslag at dei ynskte å støtte opp om den lokale idrettsutøvaren sin. 

– Vrådal IL har vedteke å støtte Natalie Indine med 10 000 kroner for hennar satsing innan livredningssport. Me håpar å bidra med meir støtte seinare dersom engasjement, interesse og framgang held fram, melde idrettslaget på Facebook. 

Indine meiner livredning er ein morosam, aktiv, nyttig og lærerik sport.
Powered by Labrador CMS