Kartutsnitt med vassdrag, stadnamn og ein raud markør.

To menn blei meldt sakna. Funne av hundepatrulje

Politiet i Sør-Aust melde rett før midnatt sundag at dei hadde sett i verk ein leiteaksjon etter to menn i 30-åra. Like etter kom ny melding om at dei sakna var funne.

Publisert Sist oppdatert

– Utgangspunktet for aksjonen var Hjasufsknatten i Nissedal kommune. Mennene hadde vore på fottur i området, opplyste operasjonsleiar ved politiet i Sør-Aust, Vegar Dale Møane, klokka 23.41.

Politiet blei kontakta klokka 20.10 sundag kveld, som fylgje av at turfølget hadde kontakta familie tidlegare på ettermiddagen, og opplyst at dei hadde gått seg bort. Ein av mennene opplyste også å vere skada. 

Frivillige mannskap frå Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp blei kalla ut. Politiet opplyste også at dei i tillegg hadde bistand frå SarQueen i søket.

Klokka 00.07 melder politiet at ei hundepatrulje frå politiet har gjort funn av dei to mennene. Aksjonen er avslutta. 

– Den eine mannen har lettare skadar i ei hand. Han oppsøker legevakt på eiga hand, melder politiet.

Powered by Labrador CMS