Alvilde Båtnes Bergland (t.v.) og Nora Vinjerui gler seg til å opne sommarbutikk.

Alvilde hadde lyst på sommarjobb – då bestilte Nora nye varer til ein sommarbutikk

Alvilde Båtnes Bergland og Nora Vinjerui er veldig glade i Dalen. Særleg om sommaren. Det er viktig for dei at det er opne butikkar og liv og røre i sentrum. 

Publisert Sist oppdatert

Derfor opnar dei sommarbutikk. Dei byrja å prate om det etter jol og utover vinteren. Til slutt bestemte dei seg. Det blir ein pop-up sommarbutikk. 

– Men det er ikkje så lenge sidan me bestilte inn varer, fortel Alvilde. 

Ho fekk litt dårleg samvit også då ho og Nora byrja å bestille inn nye varer og fylle opp lageret hos Gullsmed Vinjerui. 

I haust stengte nemleg Nora familieverksemda som ho har drive sidan 1993. Gjennom året har butikken berre vore open innimellom – når det har passa for Nora. Men nye varer har ho ikkje bestilt inn. Målet har jo vore å tømme lageret og avvikle. 

Men nå byrjar det å bli fullt i hyllene hos Vinjerui igjen. 

I sommarbutikken blir det interiør og tekstilar, litt lokale produkt og små møblar og anna til ungar. Det er mange friske og fine fargar på tinga som ventar på lageret nå. Nora og Alvilde forsikrar trufaste kundar at dei kjem til å kjenne igjen stilen frå Gullsmed Vinjerui. 

Sjølv om dei opnar sommarbutikken fordi Alvilde gjerne vil ha dette om sommarjobb, er det slett ikkje heile grunnen. 

– Det er litt idealisme i dette også. Eg synest det er så fint og triveleg her om sommar, og så vil me gjerne at det skal vere liv her, fortel Nora.

Alvilde (t.v.) og Nora er i gang med ryddejobben for mykje skal gjerast før opning. Det blir ei avdeling med nye varer og ei avdeling med gamle skattar i sommarbutikken.

Alvilde blir butikksjefen

Alvilde jobba fast hos Gullsmed Vinjerui eit par år, men i fjor haust flytta ho til Fredrikstad for å studere. 

Nå har ho berre eit par eksamenar att før ho er ferdig med det fyrste året av bachelorgraden informasjon- og prosjektleiing ved Høgskulen i Østfold. Ho trivast veldig godt både i Fredrikstad og som student, men gler seg veldig til å kome heim til Dalen i sommar. 

– Eg er nok endå meir heimekjær enn eg trudde før eg flytta, smiler ho. 

Og det er noko eige med somrane heime. Dei siste åra har ho jobba det aller meste av sommarferiane, og slik blir det i år også. 

– Det er mykje som skjer her om somarane, og eg er veldig glad i å vere på Dalen om sommaren. Det er også veldig koseleg å vere her i butikken, for kundane er så koselege og alle synest dette er så fin ein plass. Og det er veldig koseleg å jobbe i ein butikk som har eit så godt rykte, seier Alvilde. 

Alvilde studerer i Fredrikstad, men elskar somrane heime på Dalen.

Men i motsetnad til tidlegare år er det nå Alvilde som skal vere butikksjef. 

– Ja, ho har det fulle ansvaret. Så nå må folk kjenne sin besøkelsestid. Alvilde er framtida – ho vil drive noko her på Dalen og då må folk vise at det er drivverdig her, oppmodar Nora.

Alvilde har alltid drøymt om å drive butikk, men har då lyst til å gjere noko anna i tillegg. Kanskje ha sitt eige agentur. 

For Nora har det vore både vemodig og vanskeleg å avvikle butikken, men ho er glad for at ho har hatt litt opent gjennom året likevel. 

– Men når ein let att ei dør, opnar noko anna seg. Og det kan hende det kjem noko godt ut av dette etter kvart, seier Nora. 

– Nå satsar eg alt på Alvilde, legg ho til og ler. 

– Eg har jo veldig lyst, og dette er det finaste lokalet på Dalen for butikk. Eg trivast veldig godt både med arbeidet her og i miljøet på Dalen. Men eg tør ikkje love noko, smiler Alvilde. 

Kva slags drift det blir i det okergule huset på Dalen med åra får tida vise, men at det blir sommarbutikk her ganske snart, er heilt sikkert. 

Nå blir det snart heilt mørkt i vindauga og då startar ryddejobben for alvor for Nora og Alvilde. Alvilde må nokre snarturar til Fredrikstad for å ta eit par eksamenar, men elles blir det butikkrigging. 

Planen er å opne til oldemors gatefrukost 6. juni, og 11. juni er Alvilde ferdig med eksamen og butikken kan opne for fullt.

Powered by Labrador CMS