Meiningar
Kulturskulen forma meg, ikkje ta den sjansen frå nestemann!
I seks år gjekk eg på kulturskulen i Seljord, to gonger i veka. Eg høyrer no at kommunen kuttar tilbudet til barn og unge, og det drastisk!
Ikkje bare he kulturskulen forma meg og gjort meg til den guten eg æ i dag, den he redda meg frå vonde dagar, indre konfliktar og gjett meg ein sjanse til å finne meg sjav. I seks år gjekk eg på kultuskulen, eg hadde timar ein til ein, eg spela i band og eg fekk framføre storslagne konsertar foran nære og kjære. Tru det eller ei, men å få stande med gode venner og fantastiske lærerar å leike rockestjerne i ein alder av 15 år, det he skapt minner eg aldri kjæm t å gløyme.
Kulturskulen handlar om mykje meir en kultur, og detta æ utruleg viktig at følk forstend! Den handlar om felleskap, samspill, mestring og glede. For mange æ kulturskulen ei trygg havn, ein stad der ein fær utrykke seg og finne eigne vegar i livet. Det å fråta nokon ein slik mauglegheit ivi nokon lusne kronestykke æ fe meg heilt uverkeleg. Ikkje bare snakkar me om at ein gruppe fantastiske menneske mistar jobben sin, men me snakkar om barn og ungdom som mistar tilbud som kan ha enorme betydningar for dei i uppveksten og seinare i livet.
Kvar einaste dag sett eg meg ned mæ gitaren min. Eg sett meg ned med gitaren min når eg æ glad, når eg æ sint og når eg æ lei meg. Eg sett meg ned mæ gitaren min når eg treng ein pause etter ein lang dag, når eg æ frustrera og når eg ikkje veit høtt eg skø gjera. For meg æ musikken ein utveg, uansett høtt fe situasjon eg stend i, ei trygg havn. Utan kulturskulen hadde ikkje eg kunna gjort det, utan kulturskulen hadde eg ikkje hatt min utveg, min trygge havn. Utan kulturskulen hadde ikkje eg vøre meg.
Eg seier ikkje det æ lett å vita hørr ein skø putte pengane, men eg kan garantere at å kutte i noko sø viktig som kulturskulen øydelegg hondre gongar meir en det smakar. For å klare å tilrettelegge og stelle i stand store konsertar, fyge upp og gje mestringsfølelse, sjå det enkelte barnet og ungdommens behov og ynskje æ det klart me treng følk! Det æ ingenting som æ viktigare en å gje ungane ein uppvekst dei fortener, ein plass dei kan møtas, ein stad dei kan mestre og minner dei aldri vi gløyme!
Så eg spør dekkan som les, foreldre, besteforelder, tantur og onklar, og
ikkje minst politikarar, æ det verkeleg detta dekkan vi?
Eg håpar eg når fram til dei som verkeleg treng å lese detta, og eg håpar følket kan stande saman og sette ned foten. Det æ viktig at kommunen forstend at kulturskulen æ meir en ein utgift, det æ ein vital invistering!
Tarjei Sivertsen (23)
Tidlegare kulturskule elev og musiker.