Markus Tobiassen frå Vinje, journalist i VG.

VG-journalist Markus frå Vinje: – Ein av dei mest morosame jobbane ein kan ha

Han fekk nyleg eit ærverdig Skup-diplom og har jobba med store saker som dei fleste av oss har følgt med på. Me har tatt ein prat med journalist Markus Tobiassen i Oslo.

Publisert

Markus Tobiassen, frå Åmot i Vinje, kjem roleg gåande ut av ei svingdør i VG-lokalet i Akersgata i Oslo. Det er lunsjtid og mykje folk i gangar og heisar. VG deler hus med E24 og Schibsted-konsernet, og kjende andlet frå VGTV – som influensar Sophie Elise Isachsen – er stadig å sjå i fellesområda.

Melkøya-saka

– VG-sak om dårlege arbeidsforhold for arbeidarar på Melkøya (Hammerfest) 

– fleire blei sjuke etter mogleg gasseksponering på Equinor-anlegget

– kritikk mot Equinor - statleg gransking

– Det er nok ein av dei mest morosame jobbane ein kan ha i norsk journalistikk, seier Markus.

VG-journalisten snakkar om avdelinga han jobbar i; dokumentaravdelinga. Markus har vore tilsett i VG sidan 2019. Før det jobba han i Dagens Næringsliv. Nyleg fekk han og ein kollega Skup diplom for eit flott metodearbeid med saka «Arbeiderne på Melkøya».

– Det er ei gjev anerkjenning frå kollegaer, det var veldig moro, fortel vesttelen.

I VG-redaksjonen.

Sta og tolmodig

Frå takterrassen i VG-huset ser ein langt. Veldig langt. Men heilt heim til Vinje kan han ikkje sjå.

– Eg budde i Vinje til eg var 15 år, og gjekk på vidaregåande på Kvitsund, fortel Markus.

Etter studiar i Trondheim flytta han til Oslo.

– Me er fem-seks frå gjengen heime som bur i Oslo nå. Me var endå fleire tidlegare, og då hadde me Vinje-fotball-bedriftslag, fortel han.

Men det var før folk byrja å gifte seg og flytte heim att til Vinje eller andre stader. Markus sjølv har sambuar og to born i Oslo.

– Mamma bur i Åmot, og Vinje er heime for meg. Eg har ein klar vesttele-identitet, seier han, og legg til at han er sta og tolmodig med ein godt utvikla rettferdssans.

Han meiner staheit kjem godt med i mange av prosjekta han jobbar med.

– Men det er viktig å ikkje bli så sta at ein går seg fast og ikkje evnar å reorientere seg, presiserer han.

Markus kan sjå havet på toppen av VG-bygget, men ikkje fjell i Telemark.

Litt detektiv

VG satsar stort på dokumentaravdelinga der Markus jobbar.

– Ein får jobbe lenge og grundig med større saker. Det er ikkje nødvendigvis noko som betaler seg umiddelbart i kroner og øre. Men VG har vald å verne avdelinga gjennom oppturar og nedturar, fordi dette er i kjernen av kva pressa bør jobbe med, seier han.

Etter saka om arbeidarane på Melkøya skreiv Markus og ein kollega ein metoderapport der dei blant anna fortel om bruk av smart-klokke med opptakar, 3D-modellering og ionisering av gasspartiklar.

– Har du eigentleg ein hemmeleg draum om å bli politietterforskar?

– He, he, nei, eller eg trur vel at alle på eit tidspunkt kunne ha tenkt seg å bli politi. Men eg har aldri vurdert seriøst å gå i den retninga. Men – når eg skal forklare jobben min til dottera mi, så seier eg jo at eg er litt detektiv.

I store og vanskelege saker, som saka om Melkøya, er det spesielt bra å jobbe i eit stort mediehus, fortel Markus.

– Ein har hundrevis av dyktige kollegaer å spele på. Det er eit stort miljø for krimjournalistikk, eit stort miljø for politikk og så vidare. Det er mange å støtte seg på.

Det er viktig for Markus – og VG – å fortelje historier som ikkje er fortald før.

– Det å få gjennombrot i store og viktige saker, det er det aller beste med å jobbe her, seier han, og smiler til ein kollega som går forbi.

Ein kollega spør Markus om ei sak.

Dokument i fanget

Markus sin arbeidsplass dei siste månadane har vore på ei «øy», kalla «Epstein-øya» i VG-lokalet.

– Me sette saman ei gruppe på tvers då Epstein-dokumenta kom. Den første helga jobba me døgnet rundt. Det var kaotisk, og det handla mykje om å strukturere informasjon, fortel han.

VG-journalisten snakkar om media si rolle og «sanning som kjem – eller ikkje kjem – for ein dag».

– Me er glade i forteljinga om at Noreg er eit veldig opent samfunn, men det er ei sanning med avgrensingar. Det er mykje me ikkje kjem til botnen i. Når ein er liten får ein høyre «sanninga kjem alltid for ein dag», men det trur eg ikkje på. I Epstein-saka var me bare heldige å få dokumenta i fanget frå den amerikanske kongressen.

Markus fortel at dei bruker mykje tid på problemstillingar knytt til publisering, og at det er viktig å skilje mellom nødvendig belastning og unødvendig belastning.

– Det kan vere nødvendig å skrive om folk, fordi det er oppgåva vår. Det er også ei belastning å bli etterforska av politiet, men det er ingen som seier at ein ikkje skal gjere det. Men ein skal behandle folk skikkeleg. Pressa veit som regel meir enn det me skriv.

– Har du blitt trua nokon gong?

– Eg har blitt saksøkt. Eg skreiv ein artikkelserie om eit advokatfirma her i byen. Dei visste korleis dei skulle saksøke, seier han, og smiler lurt.

Mediefolk i mange etasjar.

Saknar Vinje-fjella

På veg gjennom VG-lokalet er det fleire kollegaer som bare stille Markus eit spørsmål. Det handlar om alt frå Epstein til EU.

– Har du ein augneblink eller ei sak der du tenkte; nå redda eg verda litt?

– Dess fleire år ein jobbar som journalist, dess meir ser ein at det er mykje det ikkje blir noko meir ut av. Eg trur eg var meir optimistisk på det tidlegare i karrieren, seier Markus.

– Kva med Melkøya-saka?

– Ja, det har kome politianmeldelser, staten har peika på feil og Equinor har sagt at dei skal gå gjennom arbeidskontraktar. Men eg prøver å ha som innstilling; det er bra nok det me gjer. Me kan ikkje fikse ting kvar dag me journalistar. Me må fortelje folk kva som skjer, og så kan det leggje grunnlag for vegen vidare.

Etter ein times prat sjekkar Markus mobilen. Han har 24 ubesvarte SMS.

– Som du ser går dei fleste av oss med hovudet ned i mobilen, seier han.

Markus innrømmer at han saknar Vinje-fjella og kanskje særleg å gå tur til Vehuskjerringa.

– Det tok meg mange år å lære å like Oslo-naturen. Ein er bortskjemd når ein kjem frå Vinje.

Sjølv om han har gode minne frå ein trygg og god oppvekst, kjem han nok ikkje til å flytte heim att til Vest-Telemark.

– Det er som regel konene som ender opp med å bestemme, og ho er frå Tromsø. Me har snakka om det, men eg trur me blir verande i Oslo.

Powered by Labrador CMS