DNTs hytteslepp – så stor pågang at nettsida krasja
(NPK-NTB): Den norske turistforeninga (DNT) opna for å kunne bestille hytter for 2027 måndag klokka 10.00. Dei første to timane hadde DNT fått fleire bestillingar enn heile det første døgnet i fjor.
Aldri før har så mange sikra seg opphald på det årlege hyttesleppet. Pågangen var så stor at systemet fekk problem med innlogginga.
– Vi visste at mange kom til å sitje klare, men pågangen vart heilt enorm, seier generalsekretæren i Den Norske Turistforening (DNT) Inger Lise Blyverket i ei pressemelding.
Ifølgje DNT var det særleg bynære hytter og overnattingsstader langs kysten som vart rivne bort først. DNT-sjefen forklarer den store interessa med at nordmenn er eit hytteelskande folk.
– Det er mange som vil på hyttetur sjølv om dei ikkje har tilgang til eiga hytte, seier DNT-sjefen.
(©NPK)