Leiar: Gunn Annie Hellestad er leiar i det interkommunale barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark. (Arkivfoto)

Systemet svarar: – Dersom «Per» er ueinig i vurderinga som er gjort, er det viktig at han formidlar dette

I november 2023 skreiv VTB at ein kommune i Vest-Telemark gav ein person 1,65 millionar kroner i erstatning for tapt barndom. Dagen etter dette stod i avisa ringer «Per».

«Per» fortel at han har vekse opp i den same kommunen som nettopp hadde sagt ja til å utbetale denne erstatninga. Også han har kontakta kommunen for å spørje korleis dei stiller seg til å utbetale erstatning for tapt barndom. Han har fått avslag, og reagerer både på sjølve vurderinga som er gjort og saksgangen.

«Per» har fortalt si historie til lokalavisa, og skildrar ein oppvekst prega av grov omsorgssvikt og overgrep. Han heiter ikkje «Per» på ekte, men VTB kallar han dette for å beskytte hans næraste familie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Får 1,6 millionar i erstatning for tapt barndom
Les også
Kommunen visste at «Per» vart utsett for omsorgssvikt og mistenkte overgrep. – Eg trur det kontrollerande vesenet til mor mi vann fram, og me ungane vart ofra

«Per» har fritatt kommunen og barnevernet for teieplikt slik at dei har høve til å svare på VTBs spørsmål.

Når VTB i slutten av november kontaktar kommunen for å få informasjon om «Pers» sak, svarar dei at dei aldri høyrt om den. Det går fleire veker før kommunen finn ut at «Pers» sak ligg hos det interkommunale barnevernsamarbeidet.

– Kvifor hamna «Per» si sak der, medan de handsama saka frå november internt i kommunen?

– Den saka me handsama her internt i kommuneadministrasjonen var frå ei tid før Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark starta og kontakten gjekk direkte til oss. Saka du refererer til tok Barnevernsamarbeidet sjølv då ho kom til dei direkte, er svaret frå kommunen.

Sakshandsamaren i kommunen opplyste at dei då hadde hatt kontakt med barnevernet fleire gonger om saka, og blitt einige om at barnevernet skulle kontakte denne brukaren.

– Livet er vanskeleg

Sakshandsamaren skriv elles til VTB at kommunen ønskjer å møte folk med empati og forståing, men at dei ikkje kan ta ansvar for alles val.

– Livet er vanskeleg. Der me har gjort feil bør me gå inn og rette opp, men det er ikkje noko fasit på kva som er å rette opp. Det er ikkje sikkert at alt er mogleg å rette opp heller.

I saka frå november der kommunen betalte erstatning for tapt barndom, tilbydde dei seg også å dekke offerets advokatutgifter. VTB spør om kommunen også vil tilby å betale for advokatutgiftene til «Per».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette har me ikkje teke stilling til. Me sit på mykje informasjon, slik at det må bli opp til denne personen om det er ønskjeleg eller naudsynt med advokatbistand.

Når det gjeld framtidig handsaming av erstatningssaker om tapt barndom, opplyser sakshandsamaren at kommunen vil få til eit betre system.

– Me er i gang med å lage ny prosedyre og rutine for korleis me skal møte slike krav i framtida. Me må sikre tettare dialog med Barnevernsamarbeidet og sikre likebehandling.

Sakshandsamaren reknar med at dei kjem til å møte fleire krav om erstatning for tapt barndom i tida som kjem.

– Dette er tidkrevjande og komplekst arbeid som me må gjere grundig. Truleg må me bygge opp kompetanse på feltet og finne ei god form på dette arbeidet, held sakshandsamaren fram, og skisserer at ein bør kome fram til felles køyrereglar i kommunane som er med i Barnevernsamarbeidet.

Stor auke: Diagrammet viser tal på personar som har bede om innsyn i barnevernsmappene sine i samband med tapt barndom. Det er personar frå alle seks kommunane i Vest-Telemark i statistikken. Dei blå delane av søylene viser dei som har bede om innsyn og ikkje fremja krav om erstatning. Dei oransje har bede om innsyn og har i tillegg valt å krevje erstatning. Den oransje saka frå 2018 fekk erstatning. Dei to oransje krava frå 2020 skal etter planen handsamast i rettssak våren 2024. Dei to oransje krava som bad om innsyn i mappa si i 2021 har fått nei til sine erstatningskrav. Ein av desse er «Per». Datagrunnlaget for diagrammet er tal oppgjeve av Barnevernsamarbeidet. Erstatningsutbetalinga i november 2023 er ikkje del av statistikken, då denne saka ikkje var innom Barnevernsamarbeidet i det heile.

– Advokaten har vore bindeleddet

VTB prøvar å kontakte barnevernet fleire gonger i både desember og januar for å snakke med dei om saka til «Per», men på grunn av sjukdom kan ikkje barnevernleiar Gunn Annie Hellestad snakke med avisa. Ifølgje Hellestad er det heller ingen andre i barnevernsamarbeidet som kan svare på spørsmål om saka.

Fyrst denne veka får VTB svar.

«Per» reagerer på at barnevernet ikkje har kontakta han på noko tidspunkt i løpet av dei snart tre åra som har gått sidan han bad om å få mappa si. I VTB-saka i november uttalte barnevernet at dei tilbaud dei som ville sjå mappa si ein gjennomgang, og at dei laga ei tidsline dersom det var mange dokument.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor har de ikkje gjeve eit slikt tilbod om gjennomgang av mappa til «Per»?

– Når personar kontaktar offentleg instans via advokat vil kontakten i all hovudsak gå via personen sin advokat. Dette er i samsvar med god forvaltningsskikk. I denne saka har advokaten vore bindeleddet mellom Barnevernsamarbeidet og personane det gjeld, svarar Hellestad.

– Men er det noko i vegen for å gje eit slik tilbod om gjennomgang av mappa via advokaten?

– Det er forskjell på korleis desse sakene startar. Nokre av sakene startar med spørsmål om innsyn og ønske om å gå gjennom saka si med barneverntenesta. Då gjer me alltid det. Nokre ønsker å sitje på kontoret til barnevernet og lese saka si og ha nokon å stille spørsmål til når dei har det. Men det er ulikt kva den enkelte har ønske om. Nokon tek kontakt med advokat etter gjennomgang av saka si. Då går kommunikasjonen via advokaten, forklarar Hellestad.

– Me ønsker og prøver etter beste evne både å vere omsynsfulle og serviceinnstilte. Men dei me møter har ulike behov og me prøver så godt me kan å møte dei ønska dei har.

Møter gjerne «Per»

Hellestad understrekar at dei gjerne hadde møtt «Per» tidlegare.

– Dersom «Per» hadde ønska eit møte ville me sjølvsagt sagt ja til det. Slik eg har forstått det har det vore krevjande og mangelfull kommunikasjon mellom advokaten og «Per».

– Kommunen skreiv til VTB i midten av desember at dei hadde snakka med dykk om saka eg stilte spørsmål om, og at de var einige om at barnevernet kontakta brukaren?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette stemmer. Det skulle eg har gjort, noko eg beklagar at eg ikkje fekk til. Eg vart sjukemeld midt i desember og var borte frå arbeid. Eg er kun litt tilbake på jobb og er framleis sjukemeld. Dette beklagar eg, svarar Hellestad.

– «Per» meiner at barnevernet ikkje har opplyst saka hans godt nok med dei vurderingane som er gjort av dykkar advokat, og at mappa hans viser at kommunen hadde kunnskap om omsorgssvikt og dokumentasjon på at det var grunn til å mistenke seksuelle overgrep.

– Eg meiner barnevernet har opplyst saka så godt som mogleg. Vurderingane som er teke i høve svaret på kravet om erstatning er ei vurdering av alle opplysningane me har i saka. Dersom «Per» er ueinig i vurderinga som er gjort, er det viktig at han formidlar dette. Fram til no har ikkje «Per» eller hans advokat gitt noko tilbakemelding til barnevernet om dette, svarar Hellestad.

Eit møte mellom barnevernet og «Per» er no avtalt.

– Me vil då lytte til det «Per» ønsker å formidle og vurdere vidare prosess etter samtale med han.