Kommentar

Me må alle svelgje nokre kamelar i livet.

Å svelgje kamelar kan føre til gode ting

 Kanskje fleire vesttelar ville ha betalt litt eigedomsskatt for å sikre seg eit godt tenestetilbod til både unge og eldre?

Publisert

«Eit politisk kaos i Noreg på ein måte me ikkje har sett i nyare tid.»

«Støre kan kaste landet ut i regjeringskrise.» 

Overskriftene har vore heftige i dei nasjonale mediehusa denne veka. Ap, Sp og Raudt var einige om ei budsjettavtale, utan fleirtal i Stortinget. Kva som ville skje om ikkje MDG og SV stemte for forslaget – ja, det var heilt i det blå. Natt til onsdag blei fargen raudgrøn. Ap, Sp, Raudt, SV og MDG er einige om statsbudsjettet for 2026.

«Skal Noreg unngå regjeringskrise før jul, må nokon svelgje ein stor kamel» skreiv Hans K. Mjelva i Bergens Tidende i november. Det var nok fleire stortingspolitikarar som svelgde kamelar natt til 3. desember 2025.

Jul og kamel i same setning kan kanskje klinge greitt i adventstida? Dei tre vise menn kom visstnok ikkje med bil eller båt til stallen i Betlehem, men på kamelar. 

Å svelgje (sluke) kamelar, som stammer frå ei anna bibelsk forteljing, kan heilt generelt føre til gode ting på sikt. Å godta noko ein eigentleg er imot for å nå eit større mål, kan av og til vere nødvendig. Vondt, ja, men det kan også bety forskjellen på krig og fred.

Heime i Vest-Telemark er det så langt lite gull, røykjelse og myrra å spore i budsjettforslaga til kommunane. Det ser ikkje ut til å kome noko meir frå oven med det første heller. I nokre av kommunane er det foreslått massive kutt i tenestetilbodet for å få budsjettet for 2026 i balanse.

I Seljord har kommunedirektøren foreslått å kutte heile 20 årsverk i oppvekst neste år. Det er alltid lurt å ta ein fot i bakken, sjølv om det kan vere langt ned frå ein kamelrygg, og til dømes spørje seg; kanskje foreldre ville betalt litt eigedomsskatt i staden for å gå usikre tider i møte i barnehage og skule med færre vaksne til å passe på ungane deira?

Foreldre i Byrte barnehage i Tokke meiner at nedlegging av barnehagen deira, som er eitt av innsparingsforslaga i oppvekstsektoren, også handlar om det er eit ønske om busetting i grendene. 

Kan kommunane forvente at unge barnefamiliar vil bli buande i Vest-Telemark om forholda ikkje ligg til rette for dei?

Eit spørsmål som også er vel verd å stille i tøffe budsjettider, er kor involverte tillitsvalde og verneombod er når kuttforslag rammar tilsette i kommunane hardt? 

I formannskapets budsjettmøte i Seljord førre veke var styrarane i alle barnehagane til stades. Bodskapen deira var tydeleg via kommunalsjefen; det er ikkje for mange tilsette i barnehagane. Men kva meiner eigentleg skuleleiarane? Og dei tillitsvalde? Er kutta i oppvekst forsvarlege? Heilt på sin plass? 

Me må alle svelgje kamelar i livet. Politikarar òg – og dei gjer det stadig. Det er ingen politikarar i Vest-Telemark som kuttar i kommunale tenestetilbod med lett hjarte. Pengar må flyttast for å finansiere eldrebølgja, og noko(n) må gå. Politikarane si oppgåve er å prioritere. Det er opp til innbyggjarane å prøve å påverke i ei anna/ny retning om dei ikkje er einige i forslaga.

Nå ventar me alle i spenning – i adventstida (ventetid). Budsjettforslag ligg ute på høyring, og me ventar på at kommunestyra skal vedta budsjett. Nokon ventar på finansdebatt i Stortinget fredag – og på VM-trekning (fotball). Mange ventar på jul. Nokon ventar generelt på betre tider, og nokon ventar på varsla kriser.

Å vente handlar i stor grad om å førebu seg på det som kjem. Kor mange – og kva slags – kamelar bør politikarar og innbyggjarar eigentleg svelgje? Me ønsker oss jo alle kanel (ikkje kamel) til grauten til jul. 

Også i 2026.

Powered by Labrador CMS