Politisak: Det vart oppretta politisak på grunn av mistankane om at «Per» og søsken var utsette for seksuelle overgrep. Biletet er frå «Pers» barnevernsmappe.

Medlem i barnevernsnemnda: – Seksuelle overgrep kan eg ikkje hugse vart nemnd

For over 30 år sidan vedtok barnevernsnemnda i kommunen at «Per» skulle bli buande med mor og ikkje få ein fosterfamilie, trass i omfattande dokumentasjon på omsorgssvikt og mistankar om seksuelle overgrep.

«Per» si sak

VTB har tidlegare fortalt historia til «Per», som voks opp i Vest-Telemark, i ein heim der kommunen visste om omsorgssvikt og der dei hadde mistankar om seksuelle overgrep. Då «Per» var 8 år ville sosial- og barnevernstenesta redde han og søsken ut av heimen, men vart nedstemde av ei samrøystes barnevernsnemnd.

VTB har prøvd å koma i kontakt med fleire av nemndsmedlemmane frå den gongen, og har fått kontakt med to. Ein av desse ville utsetje å snakke om saka, medan den andre var klar for ei samtale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ei vanskeleg sak, og sjeldan. Me hadde ikkje vore borti slikt tidlegare, seier nemndsmedlemen, som fortel at det nemnda hadde fokus på var den generelle familiesituasjonen og at heimen var ustabil.

– Seksuelle overgrep kan eg ikkje hugse vart nemnd ein gong. Og det er så rystande at det ville eg ha hugsa, seier nemndsmedlemen, og legg til:

– Ein høyrde ikkje noko om det på den tida. Det var tabu.

VTB går gjennom den dokumentasjonen som finst i «Pers» mappe når det gjeld overgrep.

Dokumentasjon som underbygde overgrepsmistankane

– Loggført vitneutsegn frå person som hadde gripe inn i overgrepssituasjon der «Per» var i bleiealder.

– Loggført innrømming frå mor om at ho var kjent med at ein mann ho kjente hadde forgripe seg på «Per». Mor sin kommentar til dette var at «det var så lenge sidan».

– Kommunelækjaren uttrykte uro for at «Per» kunne vere utsett for overgrep i sin rapport etter ei undersøking knytt til desse mistankane.

– På ei undersøking på Aker barnepoliklinikk under ein månad før nemndas handsaming var det fysiske funn i «Pers» analområde som kunne ha samanheng med seksuelt overgrep.

– Desse detaljane – viss me hadde fått greie på det, at ein lege hadde gjort funn som tyda på overgrep, då hadde det rysta oss langt inn i sjela. Men slike detaljar trur eg aldri vart nemnd.

– Ein stor svakheit

– Sosialkuratoren som var med å fremje omsorgsovertaking på vegner av kommunen trur nemnda var redde, og at de ikkje torde å seie ja til omsorgsovertaking?

– Torde og ikkje torde. Det var ei veldig vanskeleg sak. Ei omsorgsovertaking har store konsekvensar, og kan jo også slå attende på ungane, seier nemndsmedlemen, som samstundes peikar på at det var fleire utfordringar med barnevernsnemnda sitt arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein stor svakheit at barnevernsnemnda hadde saker lokalt, frå eigen kommune. Det kunne fort bli for nært. Og det har vel også vore slik at ein tok meir omsyn til foreldra enn til ungane. Foreldra har meir sjanse til å tale si sak og blir høyrt meir enn ungane, seier nemndmedlemen, som godt hugsar mor til «Per».

– Det var ei sterk dame som hadde ei viss makt.

– Den sakkyndige gav råd om å ikkje gå til omsorgsovertaking. Då hadde han snakka med «Per» ein gong. Kor mykje hadde den sakkyndige å seie for nemndas avgjerd, trur du?

– Eg var ny i dette arbeidet, og det er klart at me som var nye var usikre. Me hadde ikkje vore borti så mange slike saker, fortel nemndsmedlemen, som sjølv ikkje kjente til familien til «Per».

– Då er det er lett å høyre på råd frå ein som har litt posisjon. Lett å tenke at han veit betre, at han har meir kjennskap og erfaring.

Saka burde vore meir drøfta. Særleg det med seksuelle overgrep

– Nemndas vedtak var samrøystes om at kommunen ikkje skulle overta omsorgen for barna. Samstundes understreka de i dykkar vedtak ein måtte ha tett oppfølging i heimen. Men dette vart ikkje noko av?

– Nei. Det koka vel bort i kålen, trur nemndsmedlemen.

– Er du trygg på i dag at du stemte rett den gongen, og at nemndas vedtak var rett?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det kan eg ikkje seie. Saka burde vore meir drøfta. Særleg det med seksuelle overgrep. Det kan eg som sagt ikkje hugse vart nemnd ein gong.

– For «Per» blir barnevernsnemndas vedtak opplevd som at kommunen svikta han då han hadde ein sjanse til å bli redda. Han søkjer no erstatning for tapt barndom. Kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at det er ikkje meir enn rett. Viss det verkeleg er som han seier, så er det ille å ikkje få hjelp. Heilt tragisk, er det, seier nemndmedlemen.

– Eg håpar han får saka si fremja og får erstatning. Det er ille nok å miste barndomen sin, om ein ikkje skal slite økonomisk også.

Les også
Kommunen visste at «Per» vart utsett for omsorgssvikt og mistenkte overgrep
Les også
Systemet svarar: – Dersom «Per» er ueinig i vurderinga som er gjort, er det viktig at han formidlar dette