Mathilde (18) synest lesing er slitsamt.
Skal ho vere heilt ærleg så har ho knapt fullført ei einaste bok.
– Pling, så var det noko meir spennande.
Fire unge lesarar i skjermens tidsalder
VTB har møtt fire unge vesttelar som delar sine leseerfaringar. To av dei har lest mykje – dei to andre har knapt fullført ei einaste bok.
Mathilde Tveiten (18) har lånt og levert bøker i takt med venninnene sine opp gjennom åra. For hennar del var bøkene som oftast nesten like ulesne når dei blei leverte inn att som når dei blei lånt.
– Heilt ærleg så kan eg nesten ikkje hugse å ha lest ei bok ferdig.
Lesing er slitsamt, synest Mathilde, og ho blir fort rastlaus. Då er vegen kort til skjermen i lomma.
– Pling, så var det noko meir spennande.
Mathilde tek påbygg på vidaregåande på Dalen, og ho og tre medelevar har tatt ein pause frå mattetimen for å dele nokre tankar om lesing.
Dei er alle klar over at mange uroar seg for den dalande lesedugleiken blant unge – og dei er litt uroa sjølve også.
Film på skjermen – eller i hovudet
Kim Andre Hovden (22) føler at det er ein stor jobb å fullføre ei bok. Sjølv har han berre kome gjennom éi til nå i livet – det var «Kurt blir grusom».
Når han har vore på biblioteket i Høydalsmo opp gjennom åra har det stort sett vore for å låne noko frå dvd-hylla. Filmar treff sterkare og djupare enn bøker, synest Kim.
– Eg såg ein Disney-film, og knakk skikkeleg. Eg ser ikkje føre meg at det kan skje med ei bok.
Signe Tjønn (21) har lest ut fleire bøker i veka heilt sidan ho var lita, og har brukt biblioteket i Åmot flittig både til boklåning og som hengeplass med vener. For henne er lesing ein måte å kople av på.
– Viss eg tenker litt for mykje, kan eg distrahere meg sjølv med lesinga. Då går eg inn i nokon andres kjensler i staden for å kjenne på mine eigne.
Signe ser aldri filmane til bøkene ho les, og viss ho har sett filmen fyrst, les ho ikkje boka.
– Eg skaper min eigen film når eg les. Det er hovudgrunnen til at eg les så mykje.
Hannah Taraldlien (19) kjenner seg att i det med å forsvinne litt inn i boka og lage seg bilete i hovudet, men bibliotekvanane har ho ikkje til felles med Signe . Hannah vil helst eige bøkene ho les, og dermed blir bokprisane ein brems for lesinga. Ho veit at biblioteket er gratis, men liker ikkje ansvaret som følger med.
– Då må eg passe på å levere. Det er stress.
FOMO – Fear of Missing Out
Mathilde har blitt litt tankefull av Signes skildring.
– Når eg høyrer Signe snakke om å sette seg ned med ei bok og kople heilt av, og plutseleg vere i ei verd du sjølv lagar, så verkar det jo spennande, innrømmer ho.
– Men eg klarer ikkje det, og det har mykje med telefonen å gjere. Sjølv om eg slår den av, så er den der. Eg slit farleg med FOMO.
– Telefonen er avhengigheitsskapande, nikkar Hannah, som er glad ho sjølv ikkje er nemneverdig plaga av frykta for å gå glipp av noko på skjermen.
– Og folk får konsentrasjonsvanskar av å sjå korte videoar heile tida, legg Signe til.
– Det er derfor det har blitt som det har blitt. Fordi det er så lett, og kanskje fordi folk har dårleg tid, seier Kim.
– Ja. Du vil gjere det bra på skulen, men så slit du med FOMO, og så blir det stress, sukkar Mathilde.
Donald, grøssarar, teater og lydbok
Alle fire kan minnast leseopplevingar frå dei var små. Mor til Kim las Donald for han, og i barnehagen minnest han at dei vaksne fortalde eventyr.
Mathilde hugsar at mor hennar song mykje for henne, og har gode minne om høgtlesing av Karsten og Petra, og Lillesøster som tissar på seg.
Dessutan las ho litt då ho var med på Sommarles, i alle fall litt i nokre grøssarbøker som «Svart senker natten seg», og ho hugsar godt då ho og dei andre elevane frå Tokke vart best i Noreg og kom på Supernytt.
Hannah blei lest mykje for av både foreldre og mormor, og er dessutan kalla opp etter hovudpersonen i ei bok. I barnehagen i Åmdals Verk hadde dei også rikeleg med bøker, og mykje utstyr til å lage teater av det dei las. Det fenga i samlingsstunda.
Lesehesten Signe blei også lest for då ho var heilt lita, men gjekk tidleg over til å lytte og lese sjølv. Slik blei det med ei eldre og to yngre systrer, kombinert med at ho likte å trekke seg attende med bøkene på eiga hand – fyrst lydbøker og så lass på lass med papirbøker.
«Brødre i blodet»
På bordet mellom dei fire ungdomane ligg ei bok som dei alle er i gang med å lese: «Brødre i blodet» av Ingvar Ambjørnsen. Dei er alle meir eller mindre halvvegs, og å lese eit samandrag i staden for sjølve boka er ikkje aktuelt for nokon av dei.
– Då får ein ikkje oppleve alt av venskap, kjærleik, familie, kranglar. Ein får ikkje dei same følelsane. Det hjelper jo for å svare rett i timen, men du lærer ikkje noko av det, seier Hannah.
– Ein får ikkje koplinga. Det blir bare eit skal i staden for ei full flaske, nikkar Signe.
– Kva handlar boka om, då?
- Elling og Kjell Bjarne. Dei er begge spesielle. Veldig usosiale, har ikkje opplevd verda, forklarar Mathilde.
– Elling er aldri ute blant folk. Han er redd, og forventar å bli jaga av gutane på hjørnet. Slik eg tolkar det har han ikkje blitt sett. Han har kun vore med mor si, og ho har skjerma han. Og systemet har svikta han, meiner Signe.
Kjell Bjarne har heller ikkje hatt det lett, kan ungdomane fortelje, for han har hatt ein dårleg oppvekst med alkoholiserte foreldre.
– Foreldra og settinga ein veks opp i har mykje å seie, reflekterer Hannah. Det er Signe samd i.
– Hjernen blir jo annleis når den er i konstant fryktmodus. Kjell Bjarne har måtta passe på foreldra sine, at dei kjem i seng, at dei ikkje sovnar i sitt eiget oppkast. Det er ikkje rart at han er så kort og konkret og lukka.
– Gjer det å lese om desse to noko med korleis ein møter folk som skil seg ut?
– Ja. Eg kjem jo alltid til å vere litt kritisk, men eg veit ikkje kva andre har gått gjennom. Eg har ikkje rett til å døme nokon, seier Hannah.
Den beste blandinga
Dette leseprosjektet er ein del av norskfaget i påbygg. Alle fire tek dei påbygg for å studere vidare, og dei er veldig klar over at ein ikkje kjem langt i studiane utan å meistre lesinga.
– Skal du ha ein jobb, må du ha kunnskap, slår Kim fast.
– Kunnskap frå bøker, som blir kopla med praksis. Ein treng begge delar, legg Hannah til, og det er Kim samd i.
– Det er den beste blandinga.
Mathilde og Kim er dei i gruppa som har dårlegast statistikk når det gjeld å koma seg gjennom ei heil bok, men dei har trua på at dei faktisk vil fullføre Elling-boka. Ein av grunnane til det er den engasjerte norsklæraren deira, Øyvind Loddengaard.
– Øyvind er gira, og det muntrar opp og hjelper på motivasjonen, seier Mathilde.
Ho har dessutan fått greie på at det er ein annan grunn enn FOMO til at ho slit litt ekstra med lesinga. Nyleg fann optikaren ut at ho har skeive hornhinner, og nå er briller bestilt.
Kim ser også lyst på leseoppdraget, trass i at han berre har lest ferdig ei bok tidlegare.
– Det er ein brukbar storleik, seier han, og let boksidene blafre forbi tommelen.
– I motsetning til Harry Potter, til dømes – som er sju bøker, tjukkare enn Bibelen. Denne kjem til ein ende før jol, liksom.