Feirar debutplata med lagerkonsert på heimebane
Lageret på Morgedal Rør i Seljord er arena når Marie Tveiten lanserer sitt fyrste album.
Det er den same staden ho overraska faren Dagfinn med låta Glad i deg. Morgedal Rør er sentral for familien Tveiten og ein naturleg stad når Marie skal ha minikonsert og feire albumslepp laurdag 6. juni.
Albumet blir slept dagen før. Ingen kjenner meg som deg rommar ti låtar. Ho syng mellom anna om katastrofetankar, hevnfantasiar og datingnervar, opplyser plateselskapet Sony.
– Eg har sete inne med veldig mange kjensler og situasjonar eg har hatt lyst til å skrive om. Det har nesten bobla litt over, og no har eg endeleg funne ein måte å få utløp for dei på, seier Marie.
Tveiten har alt fått god respons på singlane frå albumet. Debutsingelen Heilt tilfeldig gjekk rett inn på den riksdekkjande spelelista til NRK P1. Seinare har også låtane Føkk deg og Glad i deg fått plass regionalt på kanalen.