Sommargjesten Elin Aabø.

Elin er glad for at naturen er så tilgjengeleg

Publisert Sist oppdatert

Namn: Elin Aabø

Alder: 36

Bur: Kviteseid

Gjer: Jobbar i psykisk helse- og rusteneste i Kviteseid

Kva er planane dine denne sommaren?

Skal stort sett vere heime i Kviteseid, og ein liten tur til Risør. Elles blir det nok nokre turar i nærområdet. 

Har du eit sommarminne du vil dele?

Eit fint barndomsminne er badinga i «Sagahylen». Ein liten badeplass i nærleiken av barndomsheimen, med både sklie og boblebad! 

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

Eg har familie som stadig hjelper til med smått og stort, noko eg set veldig pris på!

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

Eg er glad for at naturen er så tilgjengeleg her, og ser verdien av dette for både store og små. Set også pris på at det stort sett er roleg og trygt på bygda, det er viktig for alle som veks opp her. 

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

Då er det veldig fint ved vatnet i Kviteseid, enten ute i båt eller på ein badeplass. 

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

Eg ville ha vist Kviteseid sentrum, som har mykje liv om sommaren, med både bademoglegheiter og koselege butikkar og kafear. Ville òg vist ein av dei mange fine turane i området. Her er mange å velje mellom i heile Vest-Telemark – til dømes Tveitgrendløypa, Vehuskjeringi, Ordalsåta eller Tjønnsvikfjellet. 

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?

Eg likar godt spørjeorda høtt, høffør, høssen og høssla. Dei skapar ofte latter og forvirring hos folk som ikkje kjenner dialekta. 

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

Eg vil ynskje familie og venner ein god sommar!

Powered by Labrador CMS