Eitt år under kronprinsparets venger. – Me må lene oss fram
Det har blitt mange møte mellom AiR og Kronprinsparets fond det siste året. – Dei får jo oss med på kjøpet, ler dagleg leiar i fondet Irene Lystrup.
Irene Lystrup og Tarjei Helle fortel om AiR, fondet, samarbeidet – og om dei vil gjere noko med det lange namnet Rehabiliteringssenteret AiR...
Kronprinsparets fond har fokus på å hjelpe ungdom som står i fare for å falle utanfor, enten det gjeld utdanning, arbeidsliv eller sosialt. For litt over eitt år sidan tok dei AiR inn i porteføljen sin – og det er eit nålauge dei færraste kjem gjennom. Berre tre andre tiltak blir støtta av fondet, og det finst ingen snarvegar for å bli utvalt.
– Det hjelper ikkje med lobbyverksemd, der, nei, smiler Helle.
Nye samarbeidspartnarar blir berre plukka ut når fondet sjølv ser at det er ønskeleg. I fjor lyste dei etter aktuelle tiltak, og Rehabiliteringssenteret AiR søkte med sitt opplegg for unge som fell utanfor, AiR Ung.
Etter ein lang prosess med samtalar og intervju, sat fondet att med fire aktuelle kandidatar – blant dei AiR. Desse fekk høve til å halde ein presentasjon framom kronprinsparet og kring 50-60 av fondets samarbeidspartnarar. Deretter bestemte styret at den som gjekk til topps var AiR Ung.
– Eg hugsar at eg hadde litt puls, seier Helle.
– Eit unikt og fantastisk tilbod
I Noreg står 70 000 unge utanfor jobb og utdanning på grunn av helseutfordringar, og psykisk helse er hovudårsaka. AiR Ung er eit unikt tilbod for å hjelpe denne gruppa, og det gjorde at dei vart valt ut til å koma under vengene til Kronprinsparets fond, forklarar Lystrup.
– AiR ser heile mennesket, og jobbar med både fysisk og psykisk helse. Deltakarane får ein individuell plan og oppfølging av eit breitt team med djup kompetanse. Det er eit unikt og fantastisk tilbod med skyhøg fagleg kvalitet.
Ho har møtt Helle om lag annankvar veke det siste året, og medan ho og Helle rør med bladfyken har kollegaen hennar workshop med staben.
– Dei får jo oss med på kjøpet, ler ho.
Grisgrendt kompetansesenter
AiR har drive med arbeidsretta rehabilitering i meir enn 40 år, og kan vise til gode resultat som held seg over tid. Til dømes klarer 8 av 10 unge som har eit arbeidsforhold å stå i jobben sin eitt år etter dei har vore på AiR, trass i langvarig sjukefråvær før dei kjem til AiR.
– Det er ei løysing som beviseleg fungerer, slår Lystrup fast.
Ho er også begeistra over at heile 80 tilsette, mange med tung fagkompetanse innan fysisk og psykisk helse, er å finne blant grantre og fjellbjørk i Rauland.
– De er landets leiande miljø på arbeidsretta rehabilitering. Alle i Vest-Telemark må vere kjempestolte av å ha eit slikt kompetansesenter her. Det er til inspirasjon for andre distriktskommunar, rosar ho.
– Det viser at det går an å hente spisskompetanse til grisgrendte strøk, nikkar Helle. Han er likevel kjapp med å understreke at AiR ikkje berre har lykkast trass i plasseringa i Rauland, men like mykje på grunn av plasseringa her.
– Det er noko med den gamle tankegangen, at det hjelper å koma seg ut og opp i fjellet.
Treng hjelp til å nå ut
– Men viss tilbodet er så fantastisk alt, kva treng AiR fondet til?
– Me må ikkje hamne der at me er sjølvtilfredse. Me må lene oss fram, svarar Helle.
For sjølv om AiR har ei unik kompetanse på sjukefråvær, treng dei hjelp til å tenke nytt om korleis dei kan nytte denne kompetansen, og korleis dei kan nå ut så fleire kan få nytte av den. Det er ikkje så lett i dagens informasjonsmylder.
Her har Kronprinsfondet mange samarbeidspartnarar som jobbar gratis for tiltaka som fondet støttar. Det kan vere alt frå juridisk bistand frå Wiersholm til strategihjelp frå Try reklamebyrå – tenester som vanlegvis er kostbare, men som fondets tiltak får gratis.
– Dei hjelper oss på dei områda som ikkje me har kjernekompetanse på, forklarar Helle.
– Og dette er jo tenester som ein har litt høgare terskel for å nytte når ein må betale.
I tillegg til at ein slepp å betale for tenestene, kan ein vere trygg på at dei som gjev tenestene gjer det fordi dei verkeleg bryr seg om ungdom, forklarar Lystrup.
– Alle er djupt engasjerte. Me er eit fondslag som brenn for å vere med og gjere ein forskjell.
Nye kurs – opne for pilotar
AiR sitt grunnopplegg er eit fire vekers kurs der deltakarane blir følgde opp av eitt breitt fagteam som hjelper dei å snu skuta. Sjølv om dette har hatt god effekt for mange, har eit tankekors vore at navlestrengen vert kutta etter dei fire vekene i Rauland, slik at vidare oppfølginga har vore opp til heimkommunen. Det gjer at AiR nå lanserer eit opplegg for oppfølgingskurs for deltakarar.
Dei har også utvikle opplegg med ekspertbistand til arbeidsgjevarar, der dei kartlegg kva faktorar som gjer arbeidet så strevsamt at det fører til sjukefråvær og har samtalar med både arbeidstakar og arbeidsgjevar. Slik ekspertbistand får arbeidsgjevaren refundert av Nav – men fyrst må dei jo vite om at tilbodet finst.
– Me må vere meir synlege i helsefeltet, seier Helle.
– Me må nå ut til dei som tilviser, og til dei som elles er i kontakt med unge som står i fare for å falle utanfor.
For når AiR ser på tidslinene over hendingar som leiar til at nokon får eit opphald på AiR, ser dei eit klart mønster: Dei kjem ofte inn litt seint.
For å nå ut må dei spele på fleire strenger, og dei er interesserte i å utvikle nye opplegg.
– Me har mykje å bidra med til alle som strevar med sjukefråvær, og er interesserte i pilotar, inviterer Helle.
Gjennom fondet får AiR hjelp til å kommunisere betre og tydelegare av proffe folk, og dei har som mål å bli meir synlege til dømes ved å stille opp som podkastgjester.
– Men hjelper dei dykk å forenkle namnet – Rehabiliteringssenteret AiR?
– Dit har me ikkje kome endå, ler Helle.
– Det kan hende det kjem i ein workshop om eit par år.