Trygve Lie Lundeberg (f.v.), Dise Lundeberg Krossbakken, Hannah Sophie Hendriks Flatin og Mari Gjerlid Opsund hausta grønsaker og laga trerettars i Seljord hage.

Hausta i hagen og laga trerettars

I år fyller 4H 90 år. Jubilumsåret kallar dei landbrukets år. Då blir det ekstra fokus på matproduksjon og berekraftig landbruk.

Publisert

– Det var meir grønsaker her enn eg hadde trudd, seier Mari Gjerlid Opsund. 

Ho er éin av ungdomane som er med i Tiuren 4H frå Brunkeberg, og har tatt turen til Seljord hage på Brøløs. Målet for dagen er å lage ein trerettars. Det aller meste av råvarene skal dei hauste sjølve frå hagen. 

På menyen står suppe, pizza og tilslørte bondepiker – og kva har dei funne i hagen? 

Dei ramsar opp: eple, gulrot, lauk, jordeple, sellerirot, mais, paprika og urter. Egg har dei også tilgang på i hagen.

Gjengen frå Tiuren 4H samla seg rundt matbordet til eit felles måltid i Seljord hage. Såvi Byggland (f.v.), Sondre Martinsen Heggtveit, Aslak Lie Lundeberg, Halvor Heggtveit, Trygve Lie Lundeberg, Hilde Holm, Dise Lundeberg Krossbakken, Mari Gjerlid Opsund, Elise Gjerlid Opsund, Kjersti Heggtveit, Elisabeth Haland og Hannah Sophie Hendriks Flatin.

Bra for miljø og lommebok

Saman med Trygve Lie Lundeberg, Dise Lundeberg Krossbakken og Hannah Sophie Hendriks Flatin har Mari gått på 4H sidan småskulen. Nå går dei i 9. og 10. klasse. 

Ungdommane fortel at dei ikkje lagar så mykje mat heime, men at dei hjelper litt til. I dag har dei gjort det meste sjølve. Alle har laga sin eigen pizza og sjølve valt fyll. 

Om 4H:

Organisasjonen 4H har sitt opphav i USA der det starta i 1902. Seinare har organisasjonen spreidd seg til over 50 land, og i år markerer 4H 90 år her i Noreg. Jubileumsåret har dei valt å kalle landbrukets år, og målet er at medlemmane skal få meir kunnskap og forståing av matproduksjon, dyrehald og eit berekraftig landbruk. 

Kjelde: Store Norske leksikon og 4H.no 

– Me har ikkje kjøt på pizzaen. Det er eg ikkje vant til, så det var noko nytt, fortel Mari. 

Medan ho, Trygve og Dise har gulrot på sin pizza, har ikkje Hannah Sophie tatt sjansen på det.

– Eg har lauk og paprika på min. Eg vil ikkje ha gulrot på pizzaen, for eg stolar ikkje på at det er så veldig godt, seier Hannah Sophie. 

Sjølv om ho ikkje har trua på gulrot som pizzatopping, meiner ho dei kan lære noko nyttig i hagen. 

– Det er viktig å lære noko om det me skal ete. Det er bra for miljøet, og det kan også vere bra å dyrke eigen mat om ein skal spare litt pengar. 

Eit mangfald av grønsaker

Det er Anne Gro Lønnestad og Hans Flaaten som driv Seljord hage, og som har matverkstaden saman med Tiuren frå Brunkeberg.

Anne Gro Lønnestad og Hans Flaaten arrangerer matverkstad i Seljord hage.

Lønnestad fortel at dei har bestemt menyen ut frå kva råvarer dei har i hagen, kva som er gjennomførbart og dei må også ta omsyn om det skulle vere ulike matallergiar i ei gruppe. Dei har elles faste klassebesøk av 1., 2., 3. og 6. klasse frå Seljord skule. I tillegg har dei matverkstad for småskuleelevar etter skuletid. Dette er eit gratis tilbod og det er ei gruppe som meldte seg på i vår som skal halde fram utover hausten. Tiuren 4H har fått litt tilskot for å kunne delta i dagens matverkstad, pengane går til ulike prosjekt som handlar om rekruttering til landbruket. 

Lønnestad rosar 4H-gjengen som er på besøk denne dagen. 

– Dei er veldig sjølvgåande, og har meistra alle oppgåvene godt, smiler ho. 

Horn har dei også bakt, steikinga av dei føregår i ein vanleg omn, men pizzaen blir steikt i ein eigen pizzaomn som held høg temperatur med levande flammer. 

Lønnestad fortel at ho meiner det er viktig at ungane ser at det er mogleg å dyrke eit mangfald av grønsaker her i Vest-Telemark. 

– Det er også viktig at dei ser korleis den ser ut og veks på åkeren, og at dei lagar mat som dei likar og at dei kosar seg med den saman. Maten dei lagar sjølve smakar kanskje også ekstra godt?

I Seljord hage byrjar maten å bli ferdig. Nysteikte horn ligg i ei korv på bordet, og siste brettet blir såvidt redda ut i tide av Hans som spring til. Flokken rundt bordet byrjar med suppa, og etter kvart kjem den eine rykande varme pizzaen etter den andre ut frå pizzaomnen. 

Kjersti Heggtveit og Elise Gjerlid Opsund kosar seg med kvar sin pizza. Begge har testa ut gulrot på pizza for fyrste gong. Smakte det godt? 

– Ja!

– Det var overraskande godt med gulrot på! 

Elise Gjerlid Opsund (t.v.) og Kjersti Heggveit er fornøgde med fangsten.


Powered by Labrador CMS