380 ungdommar samla til cowboyfest på Bjørge
Cowboyhattar, rodeo-okse og konsert med Byting stod på programmet då ungdommar samla seg til Låvefest på Bjørge Besøksgard i Seljord fredag kveld.
Det gratis og rusfrie arrangementet var for ungdommar frå 8.–10. klasse, og deltakarane kom frå fleire stader i Øvre Telemark, fortel Sara Smith, arrangementsleiar ved Mjølkerampa ungdomshus.
Westernstil var temaet for kvelden, og fleire møtte opp med cowboyhattar, boots og skjorter. På programmet stod mellom anna mekanisk rodeo-okse, lassokasting, pil og boge, promilleløype og «fang ein kaktus». Det var også lavvo med bålkos, kiosk og høve til å vere sosial.
Bandet Byting stod for kveldens konsert.
Smith fortel at ungdommane sjølve var med på både planlegginga og gjennomføringa av låvefesten. Frivillige elevar frå vidaregåande skule jobba mellom anna i kiosken og leia aktivitetar. Også foreldre og andre lokale frivillige bidrog, mellom anna eit crew med fleire seljordingar i alderen 19 til 27 år.
I samband med Låvefest blei det også arrangert swingkurs for ungdom med to instruktørar frå Skien. Kurset fekk mange deltakarar, og også fleire av aktivitetsleiarane blei etter kvart med på dansinga.
Arrangørane opplyser at tilbakemeldingane frå ungdommar, tilsette og dei andre kommunane har vore gode.
– Fleire ungdommar spurde allereie same kveld om det blir Låvefest neste år, seier arrangementsleiaren.