Solveig har bestemt seg: Er ikkje ordførarkandidat neste år
– Ei tid for alt, melder Solveig Sundbø Abrahamsen måndagskvelden.
Seljord-ordføraren har gjeve nominasjonskomiteen i Seljord Høgre melding om at ho ikkje stiller som partiet sin ordførarkandidat i neste års kommuneval.
– Det har vore ei utruleg spennande tid frå eg kom inn i lokalpolitikken i 1999. Eg har fått veldig mykje tillit gjennom mange år, både i lokalval og stortingsval. Eg er audmjuk og takksam for samarbeid med mange flotte folk eg har møtt gjennom desse åra, og ynskjer framleis å bidra i politikken – men ikkje øvst på lista, skriv ho på Facebook måndag.
Sundbø Abrahamsen blei ordførar i Seljord i 2007. Ho blei attvalt i 2011. I 2013 gjekk turen vidare til Løvebakken då ho blei fast møtande vara for statsråd Torbjørn Røe Isaksen på Stortinget. Fire år seinare blei ho valt inn på Stortinget for Telemark Høgre.
Ho gav seg på Stortinget før valet i 2021, og blei igjen valt til ordførar i Seljord ved sist val i 2023.