Søndag 6.september er det igjen klart for Kom deg ut-dagen til DNT. Den nasjonale turdagen blir markert med arrangement over heile landet.

Søndag blir me igjen oppmoda til å «komme oss ut»

Søndag 6. september er det klart for Kom deg ut-dagen til DNT. Den nasjonale turdagen blir markert med arrangement over heile landet.

Publisert

– På Kom deg ut-dagen får alle som vil ein smakebit av friluftslivet som vi håpar vil gi meirsmak. Her får deltakarane vere med på aktivitetar, natursti og turar heilt gratis, skriv Den Norske Turistforening (DNT) på nettsidene sine.

Lokallaga til Turistforeninga skipar til friluftsaktivitetar nesten over heile landet denne dagen. Kva som skjer nær der du er, kan du finne informasjon om på nettsidene til den lokale foreininga.

I Telemark er det arrangement tolv stader, opplyser DNT Telemark. I Vest-Telemark blir det fisking i Kviteseid og topptur i Vinje. 

(©NPK)

Powered by Labrador CMS