Benedikte Nes (f.v.), Ida Fosse Nykaas og Åse Marit Kleiv Dale førebur seg på konkurranse og strikkeutstilling.

Donerte samlinga til museet – håpar å inspirere publikum til å skape

Strikkedesignar Irene Haugland gjev heile samlinga si til Vest-Telemark museum. Nå blir det både utstilling og konkurranse, og eitt av måla er å nå ungdommen. 

Publisert Sist oppdatert

Strikkedesignar Irene Haugland frå Lunde har henta inspirasjon frå norske folkedrakter og tradisjonelle mønster, men ho har også vore internasjonalt orientert og ein viktig fornyar på sitt område. 

Nå har ho gjeve heile livsverket sitt til Vest-Telemark museum, og i mai opnar museet utstillinga som skal vise fram samlinga frå Haugland. 

Benedikte Nes er samlingsansvarleg på Vest-Telemark museum (VTM), og fortel at Haugland er ein fargerik og folkekjær kunstnar, og meiner utstillinga vil nå ut til mange. Målet er særleg å engasjere eit ungt publikum, og museet vil derfor kople prosjektet opp mot trendar og nye målgrupper. 

Saman med Telemark Husflidslag inviterer dei derfor til strikkekonkurranse. Utfordringa er å strikke eit valfritt plagg som er inspirert av ein bunad eller ei folkedrakt frå Telemark. Det blir to klasser i konkurransen – dei under 26 år, og open klasse, uavhengig av alder. Deltakarane kan kombinere andre ulike teknikkar som broderi eller applikasjon, og alle slags plagg som for eksempel vottar, skjerf, genser og sokkar er lov. Juryen skal vurdere både kreativitet og kvalitet. 

Strikkedesignar Irene Haugland har mellom anna henta inspirasjon frå drakttradisjonar i Telemark.

Nes fortel at Haugland er særleg kjent for å kombinere strikk og broderi, og har mellom anna henta inspirasjon frå drakttradisjonar her i Telemark. 

Samarbeidspartnarar

VTM samarbeider med Telemark Husflidslag, men også med Ida Fosse Nykaas som driv garn- og strikkebutikken Nøsteriet på Dalen, og også er aktiv på sosiale medium som strikkedesignar og -influensar, under kontoen @knitbyfosse. 

Ho skal halde kveldskurs for barn og unge som vil lære meir om design og strikk. 

Prosjektet har fått støtte frå fleire aktørar – Nomestiftinga, Sparebankstiftinga DNB og Telemark fylkeskommune. 

Haugland er opptatt av at arbeidet hennar skal vere til inspirasjon for studentar og andre, og målet til museet er å lage ei utstilling som særleg engasjerer dei unge. Utstillinga med arbeidet til Haugland skal vere open i to sesongar, og utvalde plagg som kjem inn i konkurransen blir utstilt både på museet i Eidsborg og på Dyrsku'n i 2027. Fristen for å delta i konkurransen er 1. mars 2027.  

Powered by Labrador CMS