To jenter hoppar hinder med hest på ein utandørs ridebane.
Martine Pedersen (12) og Ingeborg Lykseth Botnen (9) frå Kviteseid er initiativtakarane bak stemnet.

Martine (12) og Ingeborg (9) inviterte til kjeppheststemne

Laurdag var det rigga til kjeppheststemne på den gamle fotballbanen i Kviteseid. Initiativtakarane Martine Pedersen (12) og Ingeborg Lykseth Botnen (9) har gledd seg lenge. 

Publisert Sist oppdatert

Laurdag inviterte Martine Pedersen (12) og Ingeborg Lykseth Botnen (9) til kjeppheststemne i Kviteseid for fyrste gong. På banen var det sett opp ei skikkeleg hinderløype som kjepphestryttarar i alle aldrar kunne bryne seg på. 

– Ein leikar jo at det er ein ekte hest. Me startar lågt, og så går me høgare og høgare, gliser Martine, som fekk sin fyrste kjepphest då ho var tre år.

Folk står og går på ei grasbane med målrammer og fjell i bakgrunnen.
Mykje trafikk på banen for å teste hindera før stemnet.

Mykje billigare enn ekte hest 

Martine og Ingeborg er klare på kvifor kjepphest er ålreit å drive med. Ikkje berre er det mykje billigare enn ein ekte hest, men også god trim. 

– Det er slitsamt å hoppe, seier dei og pustar tungt i den steikande varmen. 

På spørsmål om dei ynskjer å arrangere fleire slike treff i Kviteseid kjem svaret kjapt.

– Tusen millionar prosent!

Likevel er dei nok også neste gong avhengige av mødrene sine Regine Heimdal og Marte Lykseth for å realisere planane. 

– Og me må takke Kviteseid Fram for stønad til dette arrangementet, seier Regine Heimdal. 

Det var mange kjepphestar til utlån samt gratis mat, drikke og sløyfe til alle deltakarar. 

Frå venstre: Elise Opsund (12) frå Brunkeberg, Line Aarhus (9) frå Morgedal, Ava Wikse Bentsen (7) frå Kviteseid, Ingeborg Lykseth Botnen (9) frå Kviteseid og Chanell Stoa (9) frå Ulefoss.
Ei kvinne står bak eit barn som sit på ein stol utandørs.
Ida Haugen Skogheim (7) frå Kviteseid får ny hårsveis av dagens frisør Helene Gjerlid Opsund.
Rytter og hest hoppar eit hinder på grasbane.
Agnete Bjaaland Eikland (6) frå Kviteseid i full sprang.


Nye bygdegutar

Det er ikkje slik at kjepphest berre er for jenter. Benjamin Bognø (4) fekk saman med veslebror Mikkel (3) og far Simon (39) låne kvar sin kjepphest. Dei flytta til Høgvoll i Kviteseid for berre ein månad sidan.

– Så langt trivst me veldig godt, seier Simon Bognø. Når han ikkje er på kjeppheststemne jobbar han som designar i betalingstenesta Vipps.

To barn og to vaksne står med to hestar framfor ei hytte i graset.
Benjamin (4), Simon (39) og Mikkel Bognø (3) har nett flytt til Kviteseid, og fekk låne kvar sin kjepphest for dagen.
Også gutane måtte prøve seg på nokre hinder etter kvart.
Fem personar sit på graset med hundar framfor ei hytte.
Iren (38) og Joachim Wikse Bentsen (38) saman med Mikkel (3), Benjamin (4) og Simon Bognø (36) på kjeppheststemne. Hunden Bella (2) er også med.


Powered by Labrador CMS