Marte hugsar barndommens somrar
Namn: Marte Tollefsen Kostveit
Alder: 33 år
Bur: Kostveit
Gjer: Jobbar på Åmot skule og SFO
Kva er planane dine denne sommaren?
Det er å nyte ein lang sommarferie saman med mann, barn, tantebarn og resten av familien. Ein biltur til Trondheim for å besøke venner og oppleve litt av Noreg på vegen. Me har også kyr på sommarbeite som må få godt stell, og oppussing som må bli ferdig.
Har du eit sommarminne du vil dele?
Det må vera at sommaren alltid kjendest varm når ein var barn. Eg minnast båtturar og bading i Langesund heile sommaren.
Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?
Det skjer ofte, men eg set veldig pris på at mannen jobbar døgnet rundt for å gjera ferdig oppussinga heime, og gode venner som stiller opp i ein travel kvardag.
Kva opptek deg i lokalmiljøet?
Det er mykje, men eg prøvar og ikkje bry meg med alt. Det viktigaste eg bryr meg om er å skape gode oppvekstmiljø for barna våre.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?
Det er mange fine plassar her, og eg må utforske fleire av dei! Men det er noko med å få ro, så eg ville nok ha vore heime, kanskje tatt ein båttur og eit bad i Totak.
Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
Telemarkstunet på Rauland, med ein nybaka bolle i handa!
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?
Ikkje noko som utpeikar seg, men eg er veldig glad i dialekta, og prøvar å leggje om og gje den vidare til barna våre. Jase er eit kult ord som veldig få utanfor Vest-Telemark forstår.
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
Alle kjente og kjære, ynskjer dykk ein rektig god sommar. Håpar han blir varm og solrik!