Sondre likar best å vere på fjorden med kompisar
Namn: Sondre Straand
Alder: 22
Bur: Notodden
Gjer: Spelar fotball for Notodden FK i andre divisjon
Kva er planane dine denne sommaren?
Jobbe litt, bade, fiske og sjå på VM.
Har du eit sommarminne du vil dele?
Fotballskulen i Vrådal har alltid vore eit høgdepunkt på sommaren, eg har vore med sidan eg var 5 år. Nå er eg keepertrenar.
Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?
Når ein kompis hadde med potetgull til VM-kampen, etter eg hadde gløymt det.
Kva opptek deg i lokalmiljøet?
Å gje tilbake for alt det eg har fått.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?
På fjorden (Nisser) med gode kompisar med god musikk og god drikke.
Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
Eg ville køyrd gjennom Vest-Telemark og stoppa litt rundt om kring.
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?
«Ture meir»
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
Knut Straand Olsen.