Halvor såg Noreg slå Brasil i fotball i Rio de Janeiro

Mann står på takterrasse med armane opp, med bylys i bakgrunnen.
Halvor Edland (25) var i Rio de Janeiro då Noreg slo Brasil i fotball-VM.

Halvor (25) feira Noreg sin siger over Brasil i Rio de Janeiro

Korleis var det å vere norsk supporter i Brasil under åttedelsfinalen i fotball-VM i helga? Halvor Edland (25) frå Vinje er på backpacking i sommar, og fylgde kampen saman med norske fans på ein utestad i Rio de Janeiro.

Publisert Sist oppdatert

Etter sigeren mot Brasil i årets fotball-VM held Noreg fram med å vere det einaste landslaget som aldri har tapt mot den stolte fotballnasjonen. Halvor Edland (25) frå Vinje fylgde kampen saman med ein stor norsk gjeng på ein utestad i Rio de Janeiro. 

– Det var truleg den einaste staden med god stemning i heile Brasil den kvelden, seier Halvor. 

Publikum ser fotball på storskjerm i ein pub med norske flagg.
Den norske fansen hadde rigga seg til på utestaden Boteco Rios Leme for å sjå kampen saman.

Odd i Rio

For å sjå kampen mellom Brasil og Noreg fann Halvor vegen til utestaden Boteco Rios Leme, der opp mot hundre norske hadde samla seg for å sjå kampen. Han fortel at supporterane hadde delt lokalet i to, der dei brasilianske sat inne, medan dei norske var ute. Ettersom kampen utvikla seg i 2. omgang kan ein vel tenkje seg korleis stemninga blei. 

– Det var trist der inne for å seie det slik, seier Halvor og fortel at Brasil er ein stolt fotballnasjon som var nokså sjølvsikre i sigeren. Også andre turistar i byen hadde liten tru på Noreg før kampen. 

– Alle dei andre backpackarane på hostellet heia på Brasil. Då me sa at Noreg kom til å vinne trudde dei ikkje på oss, seier han. 

Likevel var det Halvor og dei andre norske som kunne juble etter ein nervepirrande kamp som enda i 2–1 til Noreg. Det blei euforisk stemning på uteserveringa med fest, allsong, dans og obligatorisk roing akkurat som i Noreg. Utover kvelden blei det spelt ei gullrekke av norske låtar, mellom anna«Heim til mor» av Odd Nordstoga.

– Eg hadde aldri trudd eg kom til å synge på vesttele for harde livet med norsk flagg i Rio de Janeiro, seier Halvor med ei stemme som framleis er hås etter feiringa.

Det var tydeleg at brasilianarane var skuffa etter tapet, og mange subba slukøyra forbi dei norske si feiring. Halvor fortel om vaksne menn i gråt og ein ikkje særleg imponert ubersjåfør som henta dei med norske flagg på kvelden. 

– Det var andre som kom seg over tapet raskt då, og fleire brasilianarar blei med på vår feiring etter kvart, seier han. 

Svensk frå no av

Rio de Janeiro er frå før ein by der ein skal tenkje litt meir på tryggleik samanlikna med europeiske byar. At Noreg vann kampen er vel eigentleg ingen fordel som norsk turist? 

– Me tenkjer litt på det, at kanskje det ikkje er lurt å ha noregsflagg i trynet liksom, fortel han. 

Halvor fortel om fotballfeber overalt, til og med på dei vide strendene er det fotball framfor sandvolleyball. Heldigvis rakk han få med seg sigersstemninga på ein av dei tidlegare Brasil-kampane i VM. På den store stranda Copacabana blei kampane blir vist på ein gigantisk skjerm. Det var moro å sjå jubelen, dansen og festen då Brasil vann. 

– Eg vil seie me var i slags tap-tap-situasjon her som nordmenn, for om me tapte så tapte me, men om me vann blei det dårleg stemning i landet me er i, seier han og fortel at dei mest sannsynleg vil gå inn i rolla som svenske turistar resten av reisa. 

Sol over strand med bølgjer, folk og bygningar i bakgrunnen.
Rio de Janeiro har vakre fjell og strender.

Vann trekning gjennom universitetet

Bakgrunnen for at Halvor er i Brasil akkurat no er ganske tilfeldig. Som student på Universitetet i Agder vann han ei trekning for å vere med på ein sommarskule på Belo Horizonte Campus i Brasil frå 19. til 25. juli. Den andre heldige var medstudent Vilde Sjøstrøm-Orf. Dei kjende ikkje kvarandre frå før, men begge hadde lyst til å nytte sjansen til å sjå meir av Brasil.

– Me tenkte også det var tryggare å reise to saman. Det er stort sett roleg, men ein skal passe litt på. Mobilen hennar blei faktisk stolen her om dagen, nappa ut av hendene på veg inn i ein Uber, fortel han. 

To personar står ved eit rekkverk og ser ut over ein by med fjell og vatn i bakgrunnen.
Halvor og medstudent Vilde Sjøstrøm-Orf skal delta på sommarskule i Brasil som internasjonale studentar frå Universitetet i Agder.

Halvor reiste ned 28. juni, og planen er å kome heim til Vest-Telemark ein tur etter sommarskulen er ferdig i slutten av juli. Likevel utelukkar han ikkje at reisa kan bli forlenga for å utforske meir.

– Brasil er jo gigantisk. Du har Amazonas, nydelege nasjonalparkar, fantastiske strender og mykje kultur med artige folk. Det er stort sett festleg stemning her, berre ikkje akkurat no hehe, seier Halvor.

Mann på båtdekk med svarte tau framfor grønt fjell og stille vatn.
Halvor likar seg godt ute på reise, her på segltur gjennom Papua Ny-Guinea i 2023.

Reiselysten student

25 åringen frå Edland er glad i å reise, noko som toppa seg som elev på Kristiansand folkehøgskule då han blei med på segltur i fire månadar frå Indonesia, gjennom Papua Ny-Guinea og til Australia.

– Det var heilt fantastisk. Så mykje kultur og framleis så lite utforska. Var nesten mest kultursjokk å kome heim att etter reisa, fortel han. 

Som student blei han nett ferdig med bachelor i marknadsføring på UiA, og skal til hausten gå vidare med ein master i Management and Business Development. I Kristiansand har han budd i seglbåt i fleire år, men han melder at tida er komen for å krype i land for ein stad å bu når han skal i gang med mastergraden.

Seglbåt ligg fortøygd ved ei islagt bryggje med snø og is rundt.
I Kristiansand har Halvor budd i seglbåten også på kaldaste vinteren.










Powered by Labrador CMS