Nødetatar ved ein lastebil og vrakrestar på ein landeveg etter ei trafikkulukke.

Ulykke på E134: Bubil mot personbil

Eit barn på ti år er flogen med luftambulansen til Ullevål sjukehus. 

Publisert Sist oppdatert

Oppdatert 17.13: Politiet melder at det har vore front mot front-kollisjon mellom to utanlandsk registrerte køyretøy. Politiet har ikkje detaljar om kven som kom over i motgåande køyrefelt. Det er svært store materielle skadar. Totalt seks personar var involverte i ulykka måndag ettermiddag. 

Ulykka skal ha skjedd på E134 Brunkebergvegen ved Vigdesjå, mellom Seljord og Brunkeberg. 

Oppdatert: 15.08: Politiet er ikkje på staden enno. Ambulansen melder at dei har tilkalla luftambulanse. Den kjem om 30 minuttar. 

15.13: Brann og helse på staden. Dei skadde blir køyrd mot Seljord og møter luftambulansen der. Eit køyrefelt er opna. 

16.02: Politiet melder at vegen blir heilt stengt ein periode medan bilberging blir gjennomført.

– Eit barn på 10 år blir flogen til Ullevål sjukehus. Dei andre involverte blir køyrd Sjukehuset Telemark i Skien. Ikkje livstrugande etter det me får vite, melder operasjonsleiar ved politiet i Sør-Aust, Ottar Steinstø, klokka 16.08 måndag ettermiddag. 

16.18: Politiet melder at campingbilen er så skada at dei ikke får han opp. Den blir liggande ei stund. Eitt køyrefelt blir opna.

Utrykkingskøyretøy står langs ein veg med skog og fjell i bakgrunnen.
Powered by Labrador CMS