Mann står ved ein disk i butikkinteriør.
Svein Tarjei Larsen Seltveit

Svein Tarjei set pris på ferietid med familien

Publisert

Namn: Svein Tarjei Larsen Seltveit

Alder: 25

Bur: Rauland

Gjer: Jobbar på Rauland Servicesenter

Kva er planane dine denne sommaren?

- I sommar blir det ein del jobbing. Det blir òg å sjå mykje fotball VM. Resten av sommaren går til å vere med familie og vener. 

Har du eit sommarminne du vil dele?

- Eit av mine favorittminne må vere å sjå AC/DC live i Oslo i fjor sommar.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

- Det var når mor og bestemor hjelpte til med å måle heime. 

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

- Eg synest det er viktig at det finst fritidstilbod til ungdom. Er òg viktig at tilbod som skule, barnehage og helsehus blir prioritert og ikkje nedlagt.

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

- På ein fin sommardag i Vest-Telemark vil eg helst vera heime på Rauland med familien og ete god mat. 

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

- Då ville eg vist fram naturen på Rauland og Møsstrond. Ein fjelltur er aldri feil. 

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt? 

- Eg likar å bruke ordet «gnæse» når det er sur vind og kaldt i veret. 

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

- Det må bli til familie og vener rundt om. 

Powered by Labrador CMS