Jan Tore Nes på fuglejakt i Sverige.

Dagens jeger: – Det er moro når dei unge lykkast

Dagens jeger er Jan Tore Nes (58) frå Nissedal.

Publisert Sist oppdatert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har jakta sidan eg var 13 år.

2. Kva jaktar du?

Alt. Og i både inn- og utland. Lokalt er det fuglejakt og elg. Eg har hund, så det blir også rådyr og hjort. Reiser også på reinsjakt når eg har anledning. Så er eg til Sverige ein gong i året, på «toppfågeljakt», eller jakt på villsvin og dåhjort. Eg har også vore på jakt i Afrika, Polen, Skottland og Tyskland.

3. Kva er det beste med jakta?

Det er å gjera noko anna. Det er også moro å sjå andre plassar, og så er det moro å sjå at nye jegerar kjem til.

4. Kva er det mest utfordrande?

Det er ikkje utfordrande i og for seg. Tilgang på jakt finst, om ein oppfører seg.

5. Fått noko dyr i år?

Enn så lenge er det berre litt fugl.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Det er mange, men det må vere når dei unge lykkast. Det har eg vore med på ein del, så det synest eg er veldig moro. Og så skaut eg ein veldig stor stut for 20 år sidan, på over 300 kilo, så det hugsar eg godt. Det blir mange minne når ein gjer dette kvar haust. 

Powered by Labrador CMS