Bruken av metanhemmande stoff i fôret til norske kyr blir stoppa. – Ein stor siger
Ut frå eit føre-var-prinsipp stoppar Norsk mjølkeråvare bruken av Bovaer, som er eit metanhemmande stoff, i fôret til kyr inntil vidare. Gunnar Haugo er glad for avgjerda, men trur ikkje siste ordet er sagt.
Pausen kjem i påvente av meir kunnskap om kva som har forårsaka negative effektar i enkelte danske besetningar som bruker fôrmiddelet, skriv selskapet i ei pressemelding.
– Det er per i dag ikkje kjende negative effektar som har dokumentert samanheng med bruk av Bovaer i Noreg. Ut frå eit føre-var-prinsipp vel Norsk mjølkeråvare, etter dialog med eigne forskarar knytte til MetanHUB, likevel å ta ein fot i bakken medan vi skaper meir innsikt, seier direktør i Norsk mjølkeråvare, Johnny Ødegård, i pressemeldinga.
– Sunt bondevit har sigra
I juni gjekk Vest-Telemark bonde- og småbrukarlag hard ut mot kravet om bruk av metanhemmaren Bovaer i mjølkeproduksjonen frå 2027. Kravet var eindel av jordbruksavtala.
- Den gong peika me på at at dette kjem altfor raskt og altfor tidleg, seier leiar i laget Gunnar Haugo i ei pressemelding.
Han seier bonde- og småbrukarlaget var urolege for at bøndene i praksis blir tvinga til å taka i bruk noko som ein veit altfor lite om på mange vis.
Han kallar avgjerda frå Norsk mjølkeråvare som ein stor siger, sjølv om ordlyden innheld «inntil vidare».
– Her
har forbukarar, veterinærar og svært mange mjølkeprodusentar, ikkje minst her i
Telemark, stått opp og sagt tydeleg ifrå, seier Haugo, som likevel ikkje trur siste ordet er sagt i saka.
Ansvaret for all handtering av mjølk
Norsk mjølkeråvare er ein del av Tine og har ansvaret for all handtering av mjølk, frå gardstank til noteringspunktet. Dette inneber henting av mjølk hos mjølkeprodusentane, kvalitetskontroll og oppgjer for mjølka til produsent.
Forskingsprosjekt MetanHUB arbeider vidare med å teste fleire metanreduserande fôrvarer.
– Vi er overtydde om at dette har ein viktig plass i klimaarbeidet. Vi vil gjere ei ny vurdering av om bruken av Bovaer blir opp igjen teken i januar eller tidlegare dersom utviklinga ser til det, seier Ødegård.
Stor effekt
MetanHUB har sidan 2024 fått løyvd 10 millionar kroner årleg til prosjektet over Jordbruksavtalen til å forske på metanreduserande fôrvarer under norske forhold.
Forskinga skal så langt ha vist at Bovaer gir stor effekt, med 15–25 prosent reduksjon i metanutslepp.
Bruken av det metanhemmande middelet, som skal gjere at kyrne prompar mindre og dermed slepper ut mindre metan, har møtt kritikk. Mellom anna har skeptiske bønder i Telemark sendt brev til Tine, har Nationen meldt tidlegare.
– Vi kjenner oss lurt og skuffa over at Tine jobbar for å innføre eit slikt tilsetningsstoff utan reell dialog med oss produsentar, står det i brevet.
I samband med årets landbruksoppgjer vart regjeringa og bondelaget einige om å jobbe for eit krav om å bruke metanreduserande fôr for å få husdyrtilskot innan 2027.