Fem barn står på ein steinmur ved ei innsjø og viser tommelen opp.
Emir Kamel (f.v.), Daniel Storbrua Hauge, Odin Bøe, Sjur Rekvik og Kelian Eriksen-Collie.

Barna i førskulegruppa har gått sju ulike turar i vår

Topptur Nissedal, folkehelseprosjektet i Nissedal kommune, er 10 år i år. I prosjektet har det vore mykje god folkehelse, meistring og turglede gjennom alle desse åra, og turane er gått av innbyggjarar og hyttefolk i alle aldrar.

– Det som er litt ekstra kjekt, er at to av barnehagane i kommunen (Fjone og Treungen) har lagt inn toppturane som ein del av programmet for førskulegruppa dei siste åra. Alle barna i førskulegruppa har i løpet av våren frå 1. april gått sju ulike turar i kommunen, opplyser Hild Riseth Fjone, avdelingsleiar helse i Nissedal kommune. 

Satsinga på toppturar har for barnehagane vore eit bevisst val for å gje barna minnerike opplevingar saman, leggje til rette for fellesskap, kjensle av å høyre til, samt meistring, natur- og rørsleglede. Det er med på å skape eit sunt forhold til fysisk aktivitet for barna i tidleg alder, noko dei kan ta med seg vidare i livet.

Nyleg fekk dei utdelt t-skjorte i premie. Fjone barnehage var alt ferdige, så dei møtte Riseth Fjone i barnehagen. Treungen barnehage gjennomførte siste tur til Ånundsbuoddane, der dei også fekk utdelt årets t-skjorte.

Fire barn står ute på graset med hendene løfta.
Føreskulegruppe i Fjone Barnehage – f.v. Dominykas Buivydas, Oskar Fjalestad, Emilie Fossli og Ingeborg Stana Borstad.
Powered by Labrador CMS