Det er bratt og krevjande
men Anna og kollegaene sikrar fjellet,
slik at andre kan ferdast trygt.
Annankvar veke heng Anna (21) i ei rasutsett fjellside for å sikre andre
Anna Kveven Sørensen frå Kviteseid har jobba som fjellsikrar halvanna år – ho stortrivst i jobben.
– Folk marar om at me unge må ut av bygda, ut for å studere, sjå noko anna, men eg er nå ute når eg er på jobb, smiler kviteseidingen Anna Kveven Sørensen.
VTB møtte 21-åringen då ho hadde joleferie heime i Kviteseid. Turnusarbeid med sju dagar på og sju dagar fri passar perfekt.
– Når eg ikkje er på jobb reiser eg mykje, besøker vener som bur litt rundt omkring og trenar slik at eg kan halde fylgje med karane på jobb. I friveka, eller på veg til jobb ringer eg gjerne kollegaer for å høyre korleis dei har det. Så eg trivst godt og gler meg alltid til å starte på arbeidsveka mi att, fortel ho.
Ho bur framleis heime, ja i alle fall dei dagane ho rekk heimom før ho skal på arbeid att. Og når ho er på jobb bur dei tilsette på hotell, men det er jo mest for å sove, for når ein har arbeidsveke kan ein like gjerne jobbe, meiner ho.
Anna har ikkje stressa med å finne sin eigen bustad enno, og tenker det er smart å spare.
– Eg må jo etablere meg ein gong, då blir det kjekt med eigenkapital, seier ho.
Køyrde lastebil i nord
Anna gjekk studiespesialiserande på vidaregåande i Bø, og såg fram til å kome i Forsvaret. Men fyrst var det sommar, og det var då ho fekk sitt fyrste møte med fjellsikring i Mesta med fjellreins både på Manheimstrondi og i Svartdal. Ho lika godt jobben og fekk vere mykje ute.
– Pappa har jobba ein del med dette, og eg syntest det verka interessant. Då sommarjobben var over sa dei at eg gjerne kunne kome tilbake etter eg var ferdig i fyrstegongstenesta, fortel kviteseidingen.
Turen gjekk til sambandsbataljonen i Bardufoss. Her køyrde Anna lastebil eit år.
– Eg saknar den tida, men det er nok mest folka og den bobla me var i, trur 21-åringen.
Ho synest tenestetida var veldig grei, og tenker at alle unge har godt av ein tur i militærteneste.
– Eg prøvar å overtale veslesyster mi til det nå, seier ho.
Etter tenestetida var det godt å kome heim att, og tilbodet om jobb hos Mesta freista. Venninnene starta å studere, men Anna visste ikkje heilt kva ho skulle velje av studiar.
– Matte og fysikk i 3. klasse på vidaregåande tok heilt pipa av meg, så eg lengta ikkje tilbake til skulebenken akkurat. Det freista meir med fysisk arbeid enn å sitje framom ein skjerm, minnest ho.
Jobb framfor studiar
Valet fall på jobben hos Mesta, og i august 2023 var ho på plass.
– Den fyrste jobben var ein taujobb, og eg som aldri hadde hatt ein klatresele på meg før, ler ho.
Den fyrste tida var oppgåvene hennar for det meste å frakte ulikt utstyr med taugmoped. Lesse på og av utstyr opp fjellsida som blei nytta til å støype fast stolpar til gjerde.
Men før ein kan støype må sekkar med gysemasse opp fjellsida. Anna fortel at ho festa to sekkar på 25 kilo kvar mellom beina i klatreselen og bruka taugmopeden for å kome seg opp, før turen gjekk ned att før ny frakt.
Gysemassen blir blanda med vatn og sprøyta ned i dei nybora hola slik at stolpane skal bli støypt fast. Dei blir mange turar opp og ned gjennom arbeidsdagen.
Anna er ikkje redd for høgder,
eller, ein rekk ikkje tenke så mykje på høgda når arbeidet blir gjort.
– Eg stolar på utstyret, og på kollegaene mine, seier Anna.
Fysisk arbeid
Entreprenørane i Mesta som jobbar med fjellsikring har mange ulike arbeidsoppgåver med alt frå å sikre fjell i samband med ras frå stein og sørpeskred til dreneringsarbeid. Dei nyttar mykje ulikt spesialutstyr, gjennomfører inspeksjonar og vurderer rasfare og behov for sikringstiltak, gjer fjellrensk, sikring og bolting.
– Ved reinsking kan ein mellom anna nytte spett, som ved overraskande små grep kan få store steinblokker til å losne, forklarar Anna og viser ein video av ein kollega som gjer akkurat dette.
Me forstår det slik at Anna ikkje er typen som vil sitje på kontor heile dagane med det fyrste, men på sikt ser ho at ho må gjere nokre val om framtidig arbeid.
– Eg må vel finne ein plan B etter kvart. Eg kan vel ikkje henge oppe i ei fjellside og jobbe turnus slik som nå viss eg får ungar og familie, ler ho.
Tungt og krevjande
Sikringslaget Anna jobbar på har den siste tida vore med for å gjere Sørlandsbanen tryggare gjennom Drangsdalen, som ligg mellom Flekkefjord og Egersund. Fjellet her er bratt, det er rasfare og arbeidet kan vere både krevjande og utfordrande. Hendingar med utglidingar, stein og sørperas er mange, og sist i september i fjor haust forsvann delar av underbygginga til jernbanen og eit omfattande arbeid tok til for å reparere dette.
Arbeidslaget Anna er del av har sett opp 9 fanggjerde der det lengste er mellom 90 og 150 meter langt, og som kan vere opp til 6 meter høgt slik at det skal tole eit kraftig ras. Vaiernetta kan stoppe steinar på fleire tonn. Men før dei ulike gjerda skal på plass er det mykje førebuing i fjellsida. Ein må kontrollere området og få oversikt, gjennomføre arbeidssikring så ein ikkje får stein på seg under arbeidet, rydde skog, og rydde klar linene der gjerda skal bli plassert. Og tryggleik skal alltid kome fyrst for dei tilsette.
Så startar arbeidet med å bore hol til gjerdestolpane, ved hjelp av ei boregeit som dei får opp i fjellsida ved hjelp av ein vinsj, eller ein handhalden borhammar. Anna fortel at dei brukar mykje tid på å flytte utstyr sidan det kan vere mykje stein og ur, bratt og ulendt.
– Me må bore minimum to meter i fast fjell der stolpane skal bli festa. Arbeidet kan vere tungt, og me er alt frå 3 til 10 personar som jobbar på prosjektet saman, men er alltid to saman i fjellsida.
Anna seier at når boringa er gjennomført startar jobben med å fundamentere og forskale, og når dette er på plass kjem helikopteret med gjerdestolpar og gjerde som blir sett rett i holet.
– Då blir det adrenalin. Dei pilotane er så flinke, dei sit og ser gjennom ei lita luke i golvet på helikopteret for å plassere gjerdet. Dei gjer verkeleg jobben enklare for oss, meiner ho.
Sjølv om det har vore ein snøfattig haust og vinter, har det regna stort sett heile tida.
– Me tullar med at Drangsdalen må vere staden Gud gløymde, for der er det lite sol. Me har vore mykje blaute.
Risiko
Tryggleik står alltid fyrst i jobben, ein jobbar aldri åleine og passar på kvarandre, i tillegg til å halde oppsyn med alt som skjer rundt seg. Men ting kan skje, og det har også Anna fått oppleve.
– To kollegaer av meg jobba i fjellsida, og reiv ned ein stein med klatretauet. Steinen trefte kollegaen i olbogen og laga eit djupt kutt. Men makkeren tenkte raskt, han sette på ein stropp for å stoppe blødinga og hjelpte henne ned fjellveggen.
Anna fortel at dei fekk god rettleiing av 113 på videosamtale fram til ambulansen kom.
– Det ordna seg, det gjekk bra, men slik fekk eg oppleve korleis eg taklar ein slik situasjon også. Kollegaen min har vore vekk frå arbeid ei tid, men startar opp att nå, det er eg glad for.
Som ein familie
Anna fortel at på jobb er dei tilsette mellom 20 og 50 år, og at ho lærer mykje av kollegaene sine og har det veldig triveleg saman med dei. Dei blir godt kjent med kvarandre, ja nesten som ein familie. Det er flest menn i yrket, og humoren kan vere litt på kanten.
Anna trur kollegaene passa seg litt i starten då ho begynte hos dei, men så glapp det raskt ut eitt og anna.
– Eg blir ikkje så fort krenka, og ein kan ikkje vere fisefin i denne jobben. Mange av venene mine hadde kanskje fått sjokk, dei hadde nok fått bakoversveis av kva det blir snakka om i lunsjen vår, ler ho og legg til at ho også ser annleis ut på jobb enn når VTB møter henne over ein kaffikopp på kafé.
– På jobb ser eg ut som eit trøll, svart i andletet og klede full av hol, ler ho.
På nyåret ventar ulike kurs før ny arbeidsperiode tar til i Drangsdalen att.
– Om eg held fram med å jobbe der kan eg ta fagbrev som fjellsikrar om eg jobbar i fem år, og når eg blir 23 kan eg søke på fagskule, men eg veit ikkje heilt kva eg vil. Eg gjer det eg føler er bra her og nå, så ser eg, seier 21-åringen.
Me undrar på om Anna ser føre seg å busetje seg i Kviteseid på sikt?
– Det trenger kanskje ikkje vere Kviteseid, men det må nok bli ein stad i Vest-Telemark tenker eg.