Alice Dahl Crandall som lita. Ho snakka norsk med bestemor Guro – og held framleis på seljordsdialekta.

Amerikanske Alice har snakka seljordsdialekt i snart 100 år, men har aldri budd i Noreg

Amerikanske Alice Dahl Crandall (99) har aldri budd i Noreg, men har arva både muskelkraft og norsk-kunnskapar frå far sin, seljording og «muskelmann» Severt Salve Øygarden.

Publisert Sist oppdatert

«Perhaps you will find this tale of Telemark origins as fascinating as I do?» (Kanskje du vil synest denne historia, med opphav frå Telemark, er like fascinerande som meg?)

Slik byrja ein e-post som kom til VTB-redaksjonen i sommar. Avsendar, Priscilla Jones, er barnebarn til snart 100 år gamle Alice Dahl Crandall i Idaho. Alice har aldri budd i Noreg, men snakkar norsk. Og dialekta, den er heilt klart frå Vest-Telemark. Alice er dotter til Severt Salve Øygarden frå Øygarden i Nordbygdi i Seljord, som utvandra til Amerika med familien sin i 1905, då han var berre ti år gamal. 

– Spare te i morgo

– Hello, hello?

Alice Dahl Crandall, 99 år med oldebarnet Reagen i teamssamtale med VTB.

Samtala på Teams startar med nokre tekniske utfordringar. Klokka er 9 for Alice (og oldebarn Reagan som hjelper ho) i Idaho, 11 for Priscilla i Washington DC og 17 for oss i Telemark. Alice myser inn i skjermen. 99-åringen har aldri vore på Teams før.

– Redaktøren hennar heiter Øygarden, bestemor. Dei er frå der bestefar kom frå.

Priscilla prøver å «varme opp» Alice (på engelsk). Alice er litt skeptisk til dette møtet. Det er berre ho som kan snakke norsk av dei tre i USA, og det er heller ikkje lett å berre skru på «norsken» på kommando. Men det er ganske artig at Seljord-dialekta er i temmeleg god behald hos Alice, når ho først kjem i gang.

– Eg klarer ikkje seie alle orda eg hugsar til «dekkån», men eg snakka norsk med bestemor, fortel ho.

Bestemor Guro, Severts mor, lærte seg aldri engelsk. Og av Severts fire ungar var det berre Alice som snakka norsk med Guro.

– Ja, eg måtte snakke norsk med bestemor. Eg hugsar veldig godt noko ho sa svært ofte: «spare te i morgo» (vente med det til i morgon).

Alice er veldig glad i katter, ifølgje barn og barnebarn.
Her er Alice saman med mannen Archie og eit barnebarn.

Har arva muskelkraft

Severt far (Salve) døydde ung, før Severt vart fødd. Han hadde spela fele i eit bryllaup, og blei sjuk med lungebetennelse etter turen heim i snøvêr. Enka Guro, som kom frå Stabbestaul i Langlim, slo seg saman med Høye Dahl, og utvandra til Amerika – og Ellis Island (Manhattan) – saman med Høye, Severt og to små sysken.

Severt heitte opphavleg Salve, som faren. Namnet blei endra til Severt då dei kom til Ellis Island. 

Priscilla fortel at dei norske immigrantane hadde det tøft, og at borna tidleg lærte å spare.

Severt gifta seg etter kvart med Elsie Vercoe, som var engelsk, og dei busette seg i South-Dakota. Dei fekk seks barn. Fem av barna – fire jenter og ein gut – voks opp. Alice, som var eitt av borna, gifta seg med Archie Crandall, og dei bygde opp sin eigen gard i Idaho. 

Alice på tur med barnevogn i South Dakota.
Alice og Archie i South-Dakota.
Marian, Severt, Alice og Elsie Dahl. Biletet er tatt i South Dakota i 1928.

– Severt oppdrog ungane med språk, tradisjonar og historier frå Noreg, fortel Alice sitt barnebarn, Priscilla.

Ho påpeiker at Severt var spesielt kjend for å vere sterk, og at han hadde god helse. Han blei ofte beden om å hjelpe til når folk trong muskelkraft. 

– Mange av etterkommarane hans arva muskelkrafta og den gode helsa. Og bestemor blir jo 100 år i oktober! Du må vise musklane dine, bestemor!

Alice ler, men er ikkje særleg interessert i å flekse musklar på Teams.

– Det gjer vondt å løfte armane, seier ho på engelsk.

Oldebarn Reagan trøystar og seier at Alice verkeleg har vore sterk, og at fleire i Øygarden-slekta visstnok har «super-power.» Men mest av alt er ho imponert over alt Alice hugsar av historier frå Seljord og forteljingar om reisa til Amerika.

– Ho har skrive ei bok til alle oss etterkommarane. Den heiter «From the mountains to the prairies.»

Ei av historiene handlar om då Severt blei borte for mor Guro på veg til Amerika.

– Det var i London. Severt hadde mista lua si, og prøvde å få tak i ei ny ved å selje ein lommekniv frå Seljord. Guro leita lenge etter han, og det var ikkje lett når ho ikkje kunne eitt ord engelsk.

Alice til høgre, her saman med ei venninne, i 2021.

– Jaga på geita

– «Så æ det, så bli det.» 

Gamle Seljord-ord og uttrykk trillar ut av Alice ettersom ho blir meir fortruleg med Teams. 

– Eg kallar meg sjølv dumskalle.

Reagan ler og seier det er eit ord dei har høyrd ofte. 

– Me har skjøna at det er eit ord ein bruker om ein ikkje er fornøgd med seg sjølv. 

Ho fortel om ein song Alice har prøvd å lære ho.

– Det var ein gong ein liten fugl …

Alice er i gang med songen, men så blir samtala broten fordi Reagan får ein telefon. Priscilla fortel om tallerkar i huset til Alice med ei norsk bøn på undersida, og om kasser frå reisa til Amerika som Alice framleis har heime hos seg.

– Og så har ho krumkakejern.

Priscilla seier at ho har lært å lage krumkaker, og at det er stor stas. Så er Alice tilbake, og no vil ho fortelje om geitene til bestemor Guro.

– Ho song «jaga på geita.» Men ho sleit med å halde orden på dei, så pappa Severt måtte hjelpe til. Han klarte å styre dei.

– Er du der?

Alice stoppar brått i ei setning og spør om me framleis er der på den andre sida av skjermen.

– Eg er her, og høyrer deg godt.

– Eg æ glad for det, seier Alice.

Priscilla Jones er barnebarn til Alice, og femmenning til redaktør i VTB, Øystein Øygarden.

– Eg er litt dumskalle

Alice har vore i Noreg og i Seljord fleire gonger. Priscilla fortel at Alice og ei dotter har besøkt «the Dalen place» ved Seljordsvatnet (Brekkegrenda), der familien budde i eit hus rett før dei drog til Amerika. Ingen av dei eldre i slekta reiste nokon gong tilbake til Noreg.

Alice (t.v.) og dottera Judy på Øygarden – heimplassen til bestefaren til Alice, Salve (Severt). Foto er lånt av Håkon Heggtveit
Frå venstre: Bjørg Eva Heggtveit, Alice og Judy, Bergit Øygarden. Bak frå venstre: Kjetil Øygarden, Gudbjørg Øygarden og Ivar Øygarden. Biletet er tatt i 1982 og lånt av Håkon Heggtveit.

Sakna faren din Noreg?

– Ja, han sakna venene sine. 

Alice blir brått usikker på nokre minne, og Reagan seier det er vondt når minna gradvis blir viska ut for oldemora hennar. Me prøvar å hente Alice inn att i samtala, og vil berre forsikre oss om at me veit kva for stat ho bur i nå.

Kvar er du akkurat no, Alice?

Det var eit dumt spørsmål. Svaret kjem kjapt.

– Eg er heime i huset mitt og snakkar med deg.

Ho er ikkje fornøgd med at ho ikkje har hatt svar på alt me har spurt ho om. Ho ville så gjerne ha hugsa meir. 

– Nei, det var ikkje mykje bra dette. Eg er litt dumskalle, seier ho.

– Du har hugsa mykje. Det har vore koseleg å prate med deg.

– Det var «gøtt» å prate med deg, seier amerikanaren, som har halde Seljord og Telemark levande for etterkommarane sine i USA – i snart 100 år.

Utdrag frå boka «From the mountains to the prairies».
Alice skriv om turar til Noreg. Ho fortel om møte med Øygarden-slekta, og at Olav Bakken var med som guide til Stabbestaul der bestemor Guro Dahl var fødd.
Powered by Labrador CMS