Odd i Oslo: – Ein kan flytte frå Telemark, men det hjelper ikkje
VTB møtte Odd Nordstoga i Oslo og «rødde» om referansar og tradisjonar heime i Vinje. – Når sjefen blir borte, er det litt rart å kome heim, seier artisten om saknet etter mor Ellen.
– Telemarks Bob Dylan, seier Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven.
Han har akkurat møtt Odd Nordstoga i eit selskapslokale i Oslo.
Nordstoga har ifølgje han sjølv kome altfor tidleg til spelejobb på Telemarkskveld, og har derfor god tid til å prate med både politikarar, utflyttarar/tilflyttarar til heimfylket og journalistar.
– Kva seier du til «Noregs Bob Dylan»?
– Det er flott for meg, det, smiler han, og vil heller snakke om at det er stas for han å få lov til å spele på eit så populært arrangement (over 400 påmelde red.merk.).
– Men eg får av og til litt dårleg samvit når Telemark og eg blir sett i hop. Eg flytta til Oslo i 1998, og har kjend litt på det. Eg har jo feiga ut og bur i byen.
VTB får bli med Nordstoga backstage i lokalet der fleire telemarkingar gler seg spesielt til songen «Heim te mor».
– Ein kan flytte frå Telemark, men det hjelper ikkje. Mi oppleving er at det å kome frå ein plass, det har du med deg uansett, det er berre å omfamne det, seier artisten.
Når sjefen blir borte
Nordstoga prøver å dra heim til Vinje ein gong i månaden, men «det er ikkje jamt det går». Han følgjer med på det som skjer, og les VTB i papir.
– Eg driv litt med jakt og fiske, og tek ein skitur rundt påsketider, seier han med eit smil, og legg til at han kjenner seg knytt til mange der heime.
For halvanna år sida døydde mor, Ellen Nordstoga. Korleis er det å kome heim nå?
– Det er veldig annleis, det er så det er. Ho var mentoren i familien. Når sjefen blir borte, er det litt rart. Eg trur me alle prøver å gjere vårt beste. Me har eit godt forhold til kvarandre i familien. Det blir endå viktigare når ein vegg dett ut av konstellasjonen.
Nordstogas bok «Spelemann» kom ut same år som Ellen døydde.
– Mor har betydd mykje for meg. Det blei naturleg å hylle ho litt ekstra på konsertar. Eg fekk inntrykk av at folk synest det var greitt at eg sette ord på sorg. Alle har jo ei mor.
Natur og motkultur
Me snakkar om tradisjonar, arv og stoltheit. Og om det er noko i vatnet i øvre del av kultur-fylket?
– Nei, det er sterke referansar. Telemark og Vinje har sterke kulturtradisjonar og sterke referansar. Alt frå forfattarar, bilethoggarar og spelemenn. Utrulege profilar som verkeleg har sett avtrykk. Myllarguten og Aasmund Olavsson Vinje har hatt mykje å seie. Det dei gjorde i si samtid, blei synleg for alle, og er ei stoltheit for alle.
Nordstoga trur på naturen og landskapet som inspirasjonskjelde.
– Eg er litt slik anlagt. Eg trur at naturen kan inspirere til at me menneske kan uttrykke oss i tonar og ord. Sjølv om eg veit at det er litt svermerisk å tenke slik.
Han tar ein slurk kaffi, kikar ut i Oslo-innelufta backstage og fortel litt om motkulturen han har vakse opp i.
– På turar til Irland har eg kjent att lynnet heimanfrå – ei slags stoltheit og staheit i periferien mot sentrale makter.
Nordstoga hentar fram gitaren. At han snart skal stå på same scene som blant anna Torbjørn Røe Isaksen, synest han er stas.
– Eg høyrer ein del på politiske podkastar, og Torbjørn Røe Isaksen er ein vitug kar. Eg var gjest i podkasten hans ein gong, men på slike podkastar har dei jo veldig greie på ting, og eg har mest greie på meg sjølv. Eg svingar litt hit og dit med det eg meiner, og som artist prøvar eg å halde meg litt unna.
Litt før klokka 20 går Odd Nordstoga på scena på Telemarkskveld og seier;
– Eg skal spele nokre hyllestsongar til der som eg kjem frå.