I inngangspartiet til kommunehuset finn ein utstillinga «Frå Rauland og Vinje til Amerika».

Markerer utvandrarjubileet med utstilling på kommunehuset

I samband med at det i år er 200 år sidan dei fyrste norske utvandrarane reiste til Amerika, er det laga til ei lita utstilling i inngangspartiet til kommunehuset i Vinje. Her kan ein sjå kopi av amerikabrev og anna materiale frå lokalhistorisk arkiv.

Publisert Sist oppdatert

– Me ville markere litt når det er 200-årsjubileum for utvandringa, seier arkivleiar Eva Kristin Aastad.

Utstillinga er sett saman med hjelp frå Frøydis Fossli ved lokalhistorisk arkiv, som har lånt ut både bøker, bilete og brev.

– Amerikabrev er veldig spennande. Når ein les dei, så blir ein interessert. Personleg blir eg også inspirert til å drive meir med slektsgransking, seier Aastad. 

Eva Kristin Aastad fortel at amerikabreva har blitt transkriberte, slik at dei er enklare å lesa.

Nokre av kvinnene frå Vinje som utvandra, vart særleg lagt merke til – mellom anna med innsats for kvinnekamp og arverett for barn fødde utanfor ekteskap.

– Det er viktig å få fram desse damene, for dei vart fort litt gløymd. Det var minst tre kvinner herifrå som utmerka seg, seier Aastad, og nemner Ingebjørg Jore, Torbjørg Berge og Signe Reifsteck.

Arkivleiar Eva Kristin Aastad.

Kan engasjere

Utstillinga blei sett opp før sommaren og blir ståande til etter valet i haust. Det er bevisst lagt slik, fordi mange kjem innom for å førehandsstemme – og då kan dei også få med seg litt lokalhistorie medan dei ventar.

– Det er meint som ei lita markering, men det er absolutt noko å bruke litt tid på. Kanskje nokon kjenner att namn og blir engasjerte og får lyst til å grave vidare i si eiga slekt, seier Aastad.

Etter valet er det tankar om å flytte utstillinga til andre stader i kommunen, slik at endå fleire kan få høve til å sjå ho.

Powered by Labrador CMS