Fryktar svak rekruttering til lokalpolitikken
Ni av ti lokalpolitikarar er bekymra for at færre stiller til val.
Det kjem fram i ei ny spørjeundersøking KS har gjort blant folkevalde, og som dei omtaler i ei pressemelding. I same undersøking svarar ein av tre at dei ikkje ønskjer å søkja attval.
– Eit levande lokaldemokrati er viktig og naudsynt i eit demokratisk samfunn. Denne undersøkinga stadfestar at dei folkevalde er motiverte til å gjera ein god jobb der dei bur, men at dei samstundes er bekymra for framtida og rekrutteringa til lokalpolitikken. Lokalpolitikarar står i tøffe val og prioriteringar, og me må ta desse signala på alvor, seier styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen.
Heilt mørkt er det likevel ikkje. Fire av ti svarar at dei ville tatt attval om det var val i år, og særskild menn i alderen 18 til 29 ønskjer dette. 80 prosent av dei spurde seier at den urolege situasjonen i verda gjer det viktig å engasjera seg i politikken.
Det er også ein merkbar nedgang i folkevalde som seier dei vert utsette for hets og trugsmål. 32 prosent svarar at dei har opplevd dette, mot 36 prosent i 2023.
– Utviklinga er klårt positiv, men me er langt frå mål her. Tala viser oss at auka merksemd på netthets og trugsmål mot politikarar verkar, men det er ikkje bra nok så lenge folkevalde opplever dette på grunn av rolla dei har. Det kan bety at færre ønskjer å vera lokalpolitikarar, altså ei svekking av demokratiet vårt, seier Helgesen.
(©NPK)