Gunhild Aase, Linn Kristin Svendsen, Andrea Mæland og Daniel Grindeland.

Draumar, mot og fellesskap på MOT-dagen

Fredag blei det arrangert MOT-dag i Seljord for ungdomsskuleelevane. For elevane handla dagen både om å ha det triveleg saman, og om å lyfte fram viktige verdiar som inkludering, mot og det å ta eigne val.

Publisert Sist oppdatert

MOT-organisasjonen har i snart tre tiår arbeidd for å styrke ungdom gjennom program som skal utvikle robustheit og livsmeistring – med tre sentrale verdiar: mot til å bry seg, mot til å seie nei og mot til å leve.

Ungdomsskuleelevane i Seljord deltok på MOT-dagen.

Inkludering og mot

Seljord har vore ein «MOT-skule» i tre år, og arbeidet på skulen går føre seg gjennom fleire økter i løpet av skuleåret.

10.-klassingane Linn Kristin Svendsen og Andrea Mæland er «unge motivatorar», og er også konferansierar under dagens arrangement på Granvin.

Kva vil det seie å vera ein MOT-skule, og korleis jobbar de med desse hovudverdiane?

 – Det er for å skape robust ungdom, få dei rusta til det som kjem i framtida, og rusta til vaksenlivet, seier Linn Kristin.

– Under MOT-øktene snakkar me om korleis ein kan ta gode val og slike ting, seier Andrea.

Dei peikar også på at ein viktig del av arbeidet handlar om inkludering.

Dei brukar eit bilete på ein «satellittbane» for å forklare det. Klassa eller fritidsmiljøet kan vere ein slik bane, og då må ein passe på at alle kjem inn i den banen.

– Me må passe på at ingen blir ståande utanfor, forklarte dei.

Jentene fortel at dei ser resultat av arbeidet. Linn Kristin fortalde at dei til dømes merkar det i friminutta.

– Det er elevar frå alle trinn som er med å spele einspretten, ikkje berre klassevis. Det er veldig positivt.

Andrea Mæland og Linn Kristin Svendsen var konferansierar under arrangementet.

Verdiane i MOT handlar også om å tørre å ta eigne val.

Andrea understrekar at ein viktig del av arbeidet er å stå opp for seg sjølv og vere den ein er. Samstundes kan det vere vanskeleg dersom ein er den einaste som meiner noko anna enn resten av gruppa, påpeika Linn Kristin.

– Men fokuset er at me skal ha mot til å ta eigne val, seier Andrea.

Ane Flatland er ungdomslos og MOT-koordinator, og skryter av dei unge motivatorane.

– Som motivatorar har dei ekstra ansvar, og dei er gode forbilde på inkludering, og tar det ansvaret og er flinke til å sjå dei rundt seg, seier ho. 

Flatland håpar at arbeidet kan bidra til å «motifisere» ungdommen, og at dei utviklar ei grunnleggande haldning om å ta gode val og bry seg om andre.

– Om ikkje det skjer akkurat i dag, så håpar me at det ligg i dei til seinare, seier ho.

Fleire på scena

Årets MOT-dag fekk også besøk av den nasjonale draumeturneen til MOT. Breakdansaren Daniel Grindeland stod for både danseshow og foredrag. 

Han fortalde at foredraget tek utgangspunkt i ein vanskeleg oppvekst og erfaringane han har gjort seg undervegs.

Daniel Grindeland er profesjonell breakdansar.

– Målet er å nå ungdom som kanskje kjenner seg litt utanfor, eller føler at dei ikkje får ting til. At dei kan kjenne på at dei ikkje er aleine, og på den måten kanskje få det litt enklare framover, seier han. 

For Grindeland er det svært givande å reise rundt på turné.

– Det er kjempekjekt å møte ungdom og snakke med dei ansikt til ansikt. Mange fortel at dei kjenner seg igjen i det eg snakkar om.

Daniel Grindeland heldt foredrag, som han håpa ville nå ungdom som kjenner seg utanfor.

På scena stod også Gunhild Aase, som har spela trompet i snart ti år. Ho framførte Disneysongane «Be our guest» og «Colors of the Wind».

– Det er moro med eit lokalt innslag, og Gunhild er veldig flink, skryter Ane Flatland.

Under arrangementet kunne konferansierane fortelje at den lokale entreprenøren Tor Arne Gustavsen hadde tatt kontakt før jol og ynskte å bidra med noko for ungdommen gjennom MOT. Etter påske blir det arrangert eit «MOTbakke- sykkelløp», frå Joker Flatdal og opp til Svartdal.

Gustavsen lova dessutan at firmaet hans vil gje 100 kroner til MOT for kvar deltakar som fullfører. Det hadde han også fått med fleire samarbeidspartnarar på. Både Montér, Byggmakker, Dyrud Elektro og Morgedal Rør gjer akkurat det same, kunne han fortelje, til stor jubel frå salen.

Tor Arne Gustavsen vart takka, - òg utfordra til å stille med minst tre personar frå firmaet på sykkelløpet han er med å arrangere.
Linda Bakås Råmundal sette pris på godorda.

Under programmet vart også to lokale MOT-ambassadørar heidra. Jørn Andre Hegg (ikkje til stades) og Linda Bakås Råmunddal fekk ros for innsatsen dei gjer for ungdommen, og for måten dei representerer MOT-verdiane på.

– Viser at det kan gå bra

Etter showet var arrangørane godt nøgde.

Flatland meinte Grindeland sitt foredrag hadde treft ungdommen godt.

Ho peika på at elevane er ulike, og at ikkje alle trivst like godt på skulen. 

– Så det å få ei slik inspirerande tale, for å vise at det går bra, berre du kan ta fram den gode personen du er, så er det ikkje så nøye kva for karakterar du får, seier ho.

Ane Flatland er ungdomslos og MOT-koordinator i Seljord.

Dagen vart avslutta med felles lunsj og kanonballturnering. 

Powered by Labrador CMS