29 deltok på fellestur til Lifjell

Seljord og Bø Turlag arrangerte 6. september årets fellestur til Lifjell, i samarbeid med DNT Telemark.

Publisert Sist oppdatert

29 deltakarar frå ei rekke stader – blant anna Seljord, Bø, Kviteseid, Tokke, Sauland, Grenland, Notodden, Kongsberg, Drammen, Larvik og Oslo – var med på den åtte timar lange turen.

Ruta gjekk frå Grimås via Tvitjønnan, gapahuken ved Holmetjønn og Blomtjønneggi, før turfølget tok pausar ved Tjorbu og Grimaren. Totalt vart det 27 000 skritt og 1,7 mil. Turleiarar frå Seljord var initiativtakar Rune Haugholmen saman med Mirjam Thorkildsen Schade og Trea Stoelwinter.

– Vi fekk mange gode tilbakemeldingar på trygg leiing, sosialt fellesskap og vakker natur. Latteren sat laust, og fleire vil bli med på nye turar, seier turleiar Haugholmen, som har mottoet «Balsam for sjela».

Neste på programmet er lågterskel-tur til dagsturhytta i Flatdal med bålpanner og aktivitetar, før tur til Raudkleiv i november. Til vinteren er det også planlagt ein topptur til Gøysen på Skorve.

Powered by Labrador CMS