Frå arkivet: Denne saka blei fyrste gong publisert 8. mai 2015
Gløymer aldri dei tyske flya
Ingebjørg Skaalen Vistad (90) var litt over 15 år då krigen kom til Vest-Telemark og heimbygda Mo. Enkelte hendingar har brent seg fast i minnet hennar.
Ho er skikkeleg sprek, 90-årige Ingebjørg Skaalen Vistad, der ho sit i godstolen heime på Dalen. Kaffi og kaker står på bordet, og bladfyken får klar beskjed om å ta ein sup og ein smak før krigsåra kjem på dagsorden.
– Eg kan ikkje klage på helsa. Nokre skavankar skal ein vel ha når ein er såpass oppe i åra, men eg prøvar å vere med på mykje. Eg trur det er viktig å vere så aktiv ein klarer, smiler Ingebjørg, som jobba som lærar i 30 år.
Tenåring
– Pappa dreiv butikk i Mo. Mamma døydde då eg var fem år gamal. Eg var femten og eit halvt år då tyskarane kom til Mo. Det var støtt mykje folk i og utanfor butikken. Utan at eg er heilt sikker, trur eg me hadde ein radio som pappa lytta til. Eg meiner det var slik me fekk greie på at det var krig i landet, fortel Ingebjørg.
Både unge og vaksne samla seg utanfor butikken, og mellom anna dreiv borna med aktivitetar som å slå ball, kaste på stikka og leike politi og røvar.
– Det var ikkje berre folk frå Mo, dei kom frå grendene rundt også. Eit yrande liv var det, smiler Ingebjørg.
Som i Skafsåberget, der norske motstandsfolk sprengde vegen, gjorde dei det dei kunne for å hindre tyskarane i å kome fram i Mo også.
– Brua over åa blei brent. Eg hugsar godt at dei unge tyske soldatane bruka ein pram for å kome seg att og fram over åa. Brua blei bygd opp att etter kvart, men kven som gjorde det hugsar eg ikkje, fortel ho.
Såg ned på flya
Tidleg i mai 1940 var det harde kampar mellom norske og tyske styrkar i Liosvingen. Då blei Ingebjørg sendt til Uppigard Håtveit slik at ho skulle sleppe å vere nede i bygda medan tyskarane dreiv klappjakt på norske motstandsfolk.
– Uppigard Håtveit ligg ganske høgt, og eg hugsar me såg tyske fly som flaug lågt gjennom dalen på utkikk etter motstandsfolk som hadde vore involvert i kampane. Me såg ned på flya. Der og då skjøna eg nok ikkje alvoret heilt, men det er eit syn som har brent seg fast på netthinna, seier Ingebjørg alvorleg.
Ho blei trulova med Klas Vistad (19252005) i 1947, og i to år seinare gifta dei seg. Ektemannen var ein av fleire frå området som blei arrestert og sendt til Grini fangeleir mot slutten av krigen.
Tok imot kongefamilien
Ingebjørg hugsar godt både 17. mai og 7. juni 1945. Ei stor folkemengde var samla utanfor Dalen Hotel nasjonaldagen i 1945. Folk frå alle grendene rundt hadde teke turen for å markere at Noreg atter var eit fritt land.
– Det var ufatteleg mykje folk samla utanfor hotellet. Klas og eg dansa og gjekk rundt og snakka med folk. Aldri har eg sett så mykje folk samla på Dalen nokon gong, hugsar Ingebjørg.
7. juni kom kong Haakon og familien tilbake til Noreg. Då var Ingebjørg på plass i Oslo for å feire mottakinga.
– Det hadde seg slik at eg etter realskulen i Bø gjekk på gymnaset i Porsgrunn. Då budde eg hjå ein familie på Breidablikk, og dei inviterte meg med til Oslo. Det var eit yrande folkeliv og svært mykje folk. Eg gløymer det aldri, men samstundes må eg seie at 17. mai-feiringa på Dalen var like stor for meg, fortel ho.
Tida på gymnaset i Porsgrunn hugsar ho godt. Tyskarane hadde etablert ein lettmetallfabrikk på Herøya, ikkje så langt frå Breidablikk.
– Eg hugsar godt lyden av flya og eksplosjonane då amerikanske fly bomba fabrikken, seier ho.
– Kva tenkjer du om krigsåra – 70 år etter at det blei fred?
– Me som budde i Vest-Telemark hadde det vel eigentleg ganske bra. Me var ikkje plaga av matmangel sjølv om me ikkje kunne velje det me hadde lyst på. Me hadde heller ikkje særleg utval av klede, men samanlikna med mange andre trur eg ikkje me kunne klage. No hadde nok me føremoner sidan pappa dreiv butikk, svarer Ingebjørg.
Tøff tid
– Ektemannen din frå 1949, Klas, var ein av mange som blei angjeve av Reidar Resen Mandt alias «Odd Klever» i Skafså. Det førte til at han 20. mars 1945 blei arrestert og sendt til Grini fangeleir i Austre Bærum. Fortalde han noko frå tida der?
– Han snakka ikkje veldig mykje om det. Det var mange som blei arresterte på same tid, og sendt frå Dalen via Skien, så Larvik og til Grini. Eg hugsar han sa at tyskarane hengde han opp etter armane. Dei ville vel ha han til å tilstå eit eller anna. Men han var sta, og dei fekk ikkje noko ut av han, hugsar ho.
– Når dei fyrst hamna på Grini må me vel seie at dei var heldige som ikkje sat der lenger. 9. mai blei dei sett fri. No veit eg at det var elendige forhold der, og dei var nok førebudde på at dei kom til å ende sine dagar på Grini. Ikkje alle var like heldige som Klas og fleire av dei andre frå området her, legg ho varsamt til.
Ho er oppteken av at krigshistoria ikkje blir gløymd.
– Me må aldri gløyme det som skjedde, og eg håpar dagens skuleelevar blir undervist om temaet, avsluttar ho.