Dette er nokre av dei mange og viktige kommentarane gode VTB-lesarar la att på Facebook under saker frå «Me har ingen å miste»-avisa.
Dette er nokre av dei mange og viktige kommentarane gode VTB-lesarar la att på Facebook under saker frå «Me har ingen å miste»-avisa.

Ein takk til lesarar med hovudet på rette staden

Reaksjonane på «Me har ingen å miste»-avisa har vist kor mange me jobbar saman med for å endre dårlege haldningar i Vest-Telemark.

Torsdag hamna ei spesiell utgåve av VTB i postkassene i heile regionen. Dette var ei viktig avis for oss, og me meiner det er ei viktig avis for absolutt alle. 

De har lese, kommentert, delt, sendt e-postar og meldingar, ringt og kome bort til oss og fortald oss at dette er noko som er betyr noko. Det vil me gjerne seie tusen takk for. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyllekøyring er eit problem  i regionen vår. Det er me smerteleg klare over.

Når me no prøvar å endre haldningane som endrast der ute i bygd og grend, er me avhengige av å vera eit stort lag. Det har de vist oss at me er. Saman med alle dykk – politifolk, sjukepleiarar, butikkarbeidarar, lærarar, fotografar, oljearbeidarar, langtransportsjåførar, studentar, køyrelærarar, kokkar, bilmekanikarar, IT-konsulentar, arkivarar, skuleelevar, bakarar, hjelpepleiarar, grafiske designarar, bibliotekarar, journalistar, pensjonistar, friviljuge, musikarar, skodespelarar, ordførarar, rådmenn, politikarar, tekniske sjefar, seljarar, gullsmedar, fotballspelarar og idrettsutøvarar – er me på veg mot eit felles mål. Nulltoleranse når det gjeld å blande saman alkohol og køyring. 

Ei haldningsendring er ikkje lett å få til, men saman kan me jobbe for å endre denne ukulturen. Sakte, men sikkert. 

Tusen takk. 

Les sakene frå «Me har ingen å miste»-avisa: 

«Eg kjem med ei trist melding.»

Kommentar: Me har alle eit ansvar

Eit val. Fatale konsekvensar.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB var med kveldspatruljen frå Kviteseid frå klokka 18 til fire om natta

«Sjølvsagt er eg glad for at eg lever. Det er berre tilfeldig at det ikkje gjekk heilt gale.»

VIDEO: Bladfykane køyrer med promillebriller

Slik vil fyresdølane endre haldningane

Kommentar: Den typiske fyllekøyraren

Marthe fekk blåveis då ho tok bilnykkelen

«Etter kvart forstod me at han hadde hatt sin siste tur på heia, berre litt over 20 år gamal.»

På puben i Bøgrend er sjåførane heidersgjester