Tidlegare sokneprest Thor Egil Abrahamsen fortel om korleis det er å levere dødsbodskap til pårørande. Her er han framfor kyrkja i Kautokeino.

«Eg kjem med ei trist melding»

Tidlegare sokneprest i Kviteseid, Thor Egil Abrahamsen, har levert sin del dødsbodskap. Korleis fortel ein nokon at eit menneske dei elskar har mista livet?

Thor Egil Abrahamsen (70) har eit langt liv som prest bak seg. For nokre år sidan pensjonerte han seg, og bur til dagleg i Larvik saman med kona si. Denne hausten har han eit vikariat i ei kyrkje i Nord-Troms, men på 90- og tidleg på 2000-talet jobba han som sokneprest i Kviteseid.

– Eg kom til Kviteseid i 1990 og reiste i 2002. Det var tolv utruleg fine år. Eg treivst utruleg godt i Kviteseid og Vest-Telemark. Eg kom borti alt mogleg, det var ein veldig allsidig arbeidskvardag. Eg saknar alle me blei så godt kjende med. Men me er ofte innom på besøk, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thor Egil veit mykje om korleis brå død påverkar familiar, vener og heile lokalsamfunn. Han har sjølv sete på mang ein sofa og fortald familiar at sonen eller dottera deira har mista livet i ei ulykke.

– Risikovurderinga er dårlegare hjå unge enn vaksne. Hjernen er ikkje heilt ferdigutvikla blant tenåringar. Å kalkulere med risiko er ikkje innebygt enno. Med rus i likninga i tillegg så kan det gå frykteleg gale.

Han fortel at han har opplevd ein del av denne typen dødsfall i arbeidet sitt.

– Me kallar det for brå død, og det er det tyngste me prestar opplever. Å gå å varsle eit dødsfall etter ei ulykke, anten det er bilulykke, sjølvmord eller andre ting, det er dei tyngste stega me tek. Me veit at i løpet av nokre få sekund så har me snudd opp ned på livet til ein familie.

Å sjå verda deira falle i grus

Viss du opplever at presten kjem gåande mot huset ditt med rundsnipp er det fort å tenke det verste. For prestane er det dei tyngste stega dei tek. Korleis gjennomfører ein prest ei slik oppgåve? Kva seier ein? Thor Egil går konkret til verks.

– For det fyrste må ein finne huset, og det kan ofte vera vanskeleg i mørkret. Ein går gjerne med ei lommelykt for å finne fram. Så bankar ein på, introduserer seg og spør om ein kan få lov til å kome inn og setje seg ned. Så seier ein at ein kjem med ei trist melding. «Sonen din har diverre omkome». Ein må seie det såpass direkte. Det er ikkje så mykje ein kan seie, men ein kan vera der så lenge ein kan og til det kjem andre som kan vera saman med dei. Prest og politi må ikkje berre gå, dei må vera der til dei får selskap av nokon andre, fortel Thor Egil.

Dei gongene Thor Egil har gått dei tyngste stega han kan gå, har han alltid tenkt at det sjølvsagt er verst for dei som får beskjeden. Han er trass alt berre ein bodbringar, og kan gå heim til sin eigen familie etter kvart. Dei som har fått beskjeden sit att med ei botnlaus sorg.

– Det å møte pårørande på den måten, og sjå heile verda deira falle i grus … og du kan ikkje gjera nokon ting. Det er tungt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som alt anna har moderne teknologi endra også måten dei pårørande får vite om dødsfall. Det blir sendt meldingar etter få minuttar. Ting spreier seg fort. Det har Thor Egil eit ambivalent forhold til.

– Med mobiltelefon og internett så får ofte dei pårørande beskjed lenge før prest og politi kjem. Det er veldig tungt å få det som tekstmelding. Det er både positivt og negativt å få beskjed så fort. Nokre gonger kan det vera greitt, andre gonger ikkje.

Å miste nokon ein elskar er alltid uforståeleg og vondt. Uansett korleis det skjer. Likevel er det ein stor forskjell på sjukdomsdød og brå død: Førebuing.

– Det er heilt forferdeleg å miste nokon du er glad i til sjukdom, men då har du på eit vis fått litt tid til å innstille deg på at det verste kan kome til å skje. Når det skjer brå død så får ein inga varsling. Ein hamnar i sjokktilstand. Nokon blir heilt apatiske og klarar ikkje å ta det innover seg. Andre bryt fullstendig saman i hulkegråt og er utrøystelege. Begge delar er like ille.

Må rekne med å vera lynavleiar

I løpet av åra som prest har Thor Egil sett det aller meste. Dødsulykker der rus har vore involvert har skjedd fleire gonger på stader han har jobba. I løpet av åra sine i Kviteseid slapp Thor Egil heldigvis å oppleve dei store promillekøyringsulykkene. Men ungdom som mista livet i trafikkulykker var det fleire av. I meir enn tjuge år sat han i kriseteam i Kviteseid og Skien, og opplevde ulykker knytt til rus mange gonger. Ved brå død melder politiet eller legevakta frå til den lokale krisegruppa. Dei avgjer om dette er ei hending som er så alvorleg at dei burde koplast inn. Det har betydd mykje for Thor Egil å vera med i dei ulike gruppene, og snakke med dei etterlatne. Ein lærer mykje om menneske på den måten.

– Alle som blir ramma av ei slik sorg taklar det veldig forskjellig. Nokon klarar å leve vidare men nokon klarar ikkje å kome seg opp att. Det er det tyngste å vera vitne til. Eg hugsar ei hending der rus var innblanda i ei trafikkulykke. Der gjekk det ut over passasjeren. Sjåføren overlevde, men passasjeren døydde. Det er ein umogleg situasjon for alle involverte, seier Thor Egil.

Han fortel at han aldri har opplevd å bli avvist eller kasta ut hjå nokon han har kome heim til, men at det har hendt at nokon har reagert med sinne. Dette er ein situasjon dei er førebudde på.

– Det er ein naturleg reaksjon frå mange i ein sorgsituasjon. Både prestar og hjelpearbeidarar veit at det kan skje. Ein må rekne med å vera lynavleiar. Men eg blir stort sett godt motteken, trass i situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må få utløp andre stader

Prest utanfor døra betyr altså stort sett at det kjem dårlege nyheiter. Men ikkje alltid. Thor Egil hugsar ein gong han hadde blitt sett til å selje lodd for idrettslaget.

– Då var det nok utruleg mange som blei letta over at det berre var det eg ville då eg banka på døra, for pengane sat laust. Eg selte ganske mange lodd, og tenkte etterpå at det kanskje ikkje var heilt uproblematisk at eg gjekk og selte lodd, seier han med eit smil.

Thor Egil har gjort seg nokre tankar om dagens ungdom og ruskøyring. Han trur det har blitt færre, meir konsentrerte grupper med unge som driv med ruskøyring.

– Det er særleg gutar, og dei tek store sjansar. Me lever i eit såpass trygt og beskytta samfunn at ein eller annan stad må ein rase ut. Det er noko med det å kjenne på spenning og ta riskar. Det å la det få utløp i bilkøyring og rus er den mest risikofylte måten å gjera det på. Viss den type ungdom kunne få utløp i andre ting, så hadde det vore mykje betre. Dette må inn i skulen frå dei er veldig små. Rus og trafikk i kombinasjon er ein livsfarleg miks. Det etterlet familie og dei du er glad i i ei utruleg djup sorg.

– Det må vera handheving av reglar og kontroll. Ein må beskytte dei unge meir mot slik farleg åtferd. Det var ikkje så ille å ruskøyre då ein hadde hest og kjerre, men trafikken har blitt ganske stor og skummel etter kvart. Foreldre må ta seg sjølve i nakken og åtvare barna sine. Og så har jenter ein viktig funksjon. Dei har stor påverknadskraft på gutane som vurderer å køyre bil på fest.

Thor Egil er fullt klar over at ruskøyring ikkje er eit eige problem i Vest-Telemark. Det skjer over alt, og i alle aldersgrupper.

– Eg budde i Hedmark ei stund. Der jobba eg som skuleungdomsprest, og reiste rundt i heile fylket og besøkte skular og kristne skulelag. I Hedmark var det òg promillekøyring. Faktisk så hadde dei ein veg dei berre kalla for promillevegen, for då dei hadde vore på fest så køyrte dei den vegen og visste at der så var dei trygge. Me merka det godt, for om vinteren så var det ofte spor etter bilar som hadde køyrt i snøfonnene. Det er ofte slik i utkantstrøk at ein «veit» at det ikkje får konsekvensar. I alle fall ikkje dei konsekvensane dei er redde for. Å miste lappen er lite i forhold til å miste livet.