Kommentar: Me har alle eit ansvar

«Natt til 15. juli i sommer mistet vi vår sønn Knut på 21 år i en drukningsulykke på Fyresvatn. I etterkant av dette er det blitt viktig for meg å gjøre noen refleksjoner rundt utviklingen og holdninger blant unge og voksne i Fyresdal, og ikke minst hva politiets manglende tilstedeværelse har å si for denne utviklingen.

(…) Hvis dødsulykken med Knut kunne føre til positive endringer, slik som holdningsendring i forhold til promillekjøring, og mer politi til Fyresdal og Vest-Telemark, vil sorgen kanskje bli litt lettere for oss som familie å bære. For Knut er det dessverre for sent, men vi har ingen flere å miste.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Lesarinnlegget frå Hilde Martini Momrak gjorde eit sterkt inntrykk på oss alle. Ei mor i sorg som hadde samla nok krefter til å fortelje historia frå den vonde røyndomen. Ei mor som slett ikkje er åleine om eit sakn – eit tomrom som aldri meir vil bli fylt. Det er dessverre mange familiar, vener og bygdseamfunn som har blitt råka av det same.  «Det meiningslause som berre er meiningslaust», som prostidiakon Eilev Erikstein set ord på det.

Det er vonde minne for mange, men livet går vidare.

Ja, det må vel det.

Men historiene må ikkje bli gløymd. Ikkje no. Ikkje om eitt år – eller tre år. Me må vera medvitne haldningane våre og kvarandre heile tida. Me skal ikkje vente til neste tragiske ulykke før me igjen står saman – og seier at dette aldri skal skje igjen.

I Fyresdal har dei tatt tak. Raudekrossen var tidleg ute for å samle inn pengar, både for tryggleiken på vatnet, men også til å arbeide med haldningar. Og folk bidreg. Bygda har vist at dei bryr seg, mellom anna gjennom ein idédugnad. Det i seg sjølv hindrar ikkje nye ulykker. Men det er ein bit i eit stort bilde.

Vest-Telemark blad kan ikkje endre haldningane til vesttelane. Men me kan, som alle andre, også gjera litt. Når ei mor i sorg klarer å mobilisere ein slik styrke er det ingen som har nokon unnskyldning for å stå på sidelina.

Slik tenkte i alle fall me i lokalavisa då me bestemte oss for å setje søkjeljoset på haldningar og førebyggande arbeid i artikkelserien «Me har ingen å miste». Dagens avis handlar om dette.

Me vil takke alle som har bidrege med sine historier i denne avisa. Det kostar å bli minna på ei vond tid. Men vit at nettopp dykkar historier er viktige.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kan fortelje om konsekvensar av fyllekøyring eller alt for høg fart, om herjekøyring med skuter og kor farleg det er å ikkje bruke redningsvest når ein er på vatnet. Vaksne kan formane den neste generasjonen om at det og det må ein ikkje gjera.

Det når likevel ikkje inn på same måten som historiene frå dei som verkeleg har fått føle at livet så brått og brutalt blir endra.

Slik Kristin fekk erfare.

– Det kan kanskje opplevast vanskeleg å stoppe nokon som er i ferd med å køyre i rus, men tru meg, alternativet kan vera så uendeleg mykje verre.

Eller Reidun som mista ein venn i snøskuterulykke.

– Det var brått, brutalt, vondt, uverkeleg og føltest meiningslaust, seier ho.

35 år har gått sidan Paul-Willy køyrde gale på motorsykkel. Han er merka for livet.

– Tenk om eg hadde køyrd på nokon og det hadde gått menneskeliv. Det hadde eg truleg aldri kome over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tor Egil har sete på mang ein sofa og fortald familiar at sonen eller dottera har mista livet i ei ulykke.

– Det å møte pårørande på den måten, og sjå heile verda deira falle i grus … og du kan ikkje gjera nokon ting. Det er tungt.

Eg er sikker på at alle som deler sine historier i denne avisa – og alle de andre som deler dykkar historier med andre på andre arenaer – er fundamentet når haldningar skal endrast. Det er røyndomen som blir formidla. Livet som brått kan vera slutt bak neste sving.

Sigrid Dahl er lensmann for Vest- og Midt-Telemark. Det er ikkje her det skjer mest – sett med «politifaglege augo». Men dei åtte kommunane utgjer geografisk 24 prosent – altså ein fjerdedel – av Sør-Aust politidistrikt (Buskerud, Vestfold og Telemark).

Ein treng ikkje fortelje vesttelen om dei store avstandane. Me veit godt at Vinje i seg sjølv er monaleg større enn heile Vestfold fylke og at «fyresdølen» i snitt har ein kvadratkilometer å boltre seg på.

Men avstandsargumenta når ikkje fram når ressursane i politiet skal prioriterast.

Lensmann Dahl innrømte på det opne folkemøtet i Fyresdal i starten av november at politiet har vore for lite til stades i Fyresdal – og i Vest-Telemark – og at det er noko dei kjenner på i politiet. Internt brukar ho Fyresdal som eksempel på kor store avstandane faktisk er.

Me er ikkje eit sekund i tvil om at lokale politifolk og lensmannen er frustrerte over mangelen på ressursar til å vera meir synleg i bygdene. Det er viktig å halde trykket oppe mot politikarane og leiinga i politiet for å vise at me ikkje berre ynskjer, men at me treng eit synleg politi til førebyggande arbeid og til å vera med å endre haldningane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uniformerte bilar og polititenestemenn og -kvinner skal vera ein del av dagleglivet. Det skaper tryggleik og gjev respekt.

Dårlege haldningar er ikkje eit fenomen i Fyresdal. Det gjeld i heile Vest-Telemark, og strekkjer seg også utanfor regionen sine grenser. Men me må nok vera så ærlege at utfordringane nok er større her enn på mange andre stader.

Me kan ikkje vente på at politiet skal rydde opp. Me må ta ansvar – alle saman.

Det skal ikkje vera tøft å køyre fort. Sjølvsagt skal me bruke vest når me er på vatnet, og hjelm når me køyrer sykkel eller skuter.

Og – det må vera skam knytt til å køyre i fylla. SKAM!

Du leikar ikkje berre med ditt eige liv. Du spelar russisk rulett med andre sine liv, og avgjerda du tek kan gje varige sår for så uendeleg mange som er glade i deg.

Medan me ventar på politiet får me ta oppmodinga frå lensmannen på alvor. Tør å vera «ukul». Sei frå kva som faktisk skjer i bygda.

Ikkje berre synleggjer du eit problem, du kan faktisk vera med å redde liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

For – me har faktisk ingen å miste.

«Sorg kan verke som kutt fra en kniv. 20 år er et alt for kort liv. I gatas verden var det sjelden gutter grein. Den dagen du dro falt tårer som regn. Jeg har hørt at dem Gud elsker, blir henta tidlig hjem. Og jeg veit langt inni sjela mi, at du var en av dem.»

Frå Bjølsen Valsenmølle «Dem Gud elsker»