Knut Magne Momrak leia idedugnaden under folkemøtet.
Knut Magne Momrak leia idedugnaden under folkemøtet.

Slik vil fyresdølane endre haldningane

På folkemøtet i Fyresdal kom det kring 150 innspel til kva som kan gjerast for å endre haldningar og unngå slike tragiske ulykker som i sommar.

Løypenett for skuter, betre tilgang på taxi, meir og synleg politi, og tema- og tryggleiksdagar, var blant det dei som var på folkemøtet i Fyresdal spela inn då idear skulle luftast.

Det kom også framlegg om ei «mødrepatrulje» på skuter, som natteramnar ved hovudslepene. Dei frammøtte var opptekne av at ungdomane må vera med i det vidare arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Temadag på vidaregåande skule

– «Mødrepatrulje» på skuter – ala Natteramnane ved hovudslepene

–  Edru vaksenperson på vatnet om sommaren

– Vaksne med hytter, set klare krav til ungdommens bruk av dei

– Betre tilgang på taxi

– Heimkøyring for billig penge – festdrosje/festsjåfør

– Ta med ungdommar i det vidare arbeidet

– Båtvakter ved fint vêr

– Løypenett for snøscooter

– Årlege arrangement som folkemøte/trafikktryggleiksdag

– Meir og synleg politi

– Jentestyrken – jenter til å seie frå

– Fleire alkoholfrie arrangement

– Gratis vinterdekk til ungdom

– Open råneplass, teste bilens tryggleik

– Ungdommen kan prøve å bli einige om å ha sjåførar til bil, båt og scooter – som er edrue.

– Foreldre bør tilby å hente ungdommen utan vilkår når dei skal heim frå fest eller avtale med andre foreldre om samkjøring

– Sei frå-kampanje

– Jobbe for å få 0-promille på båtførarar.

– Nulltoleranse for køyring i alkoholpåverka tilstand. Dette gjeld også vaksne

– Organisert køyreopplæring på crossbane sommar/vinter

– Førstehjelpskurs

– Skredkurs

– Få med lokale seljarar av ATV og scooter på haldningsskapande arbeid. Samtaler ved kjøp

– Få det heilt stovereint på at det er lov å sei ifrå om ting som ikkje burde skje både på vatn, veg og snø

– Vere positiv og vise at me har bra ungdom i bygda

– Rusfri konsert med informasjon om alkohol, narkotika. Snakke om haldningar, drikkepress, tøffe seg, køyring i stor fart, bil, båt, scooter, det er kult med refleks

– Betre mobildekning

– Betre merking av Fyresvatn (ljos, skjær o.l).

– Halde temaet oppe, kontinuitet, halde dette framme i panna.

– Det er mogleg å køyre avsidesvegar frå sentrum til Hauggrend. Dette blir ofte nytta til å køyre i påverka tilstand. Har eskalert etter at grunneigarane ikkje lenger har bom på private vegar. Som eit konkret eksempel vart bommen hjå den eine grunneigaren fjerna av folk i påverka tilstand fordi dei skulle fram. Dette er farleg, køyrer ein gale her tek det lenger tid før det blir oppdaga, og at skada personar får hjelp.

Felles turar til eks Vålerbanen, Rudskogen, der ungdommen kan «frese» frå seg

– Alltid legge til rette for kven som skal kjøre deg heim etter fest

– Motivere/rekruttere ungdom til deltaking i organisasjonar t.d Røde Kors (også vaksne).