Leiarar: Bjørn Gimming og Trude Flatland, høvesvis leiar i Noregs Bondelag og Telemark Bondelag.

Staten tilbyr 2,62 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret – bøndene krev 3,9 milliardar

Staten tilbyr 2,62 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret, tilsvarande ein inntektsvekst på rundt 70.000 kroner per årsverk. Bøndene krev 3,9 milliardar.

Staten leverte tilbodet sitt måndag, ti dagar etter at bøndene kom med kravet sitt. Tilbodet ligg betydeleg under kravet frå jordbruket og innfrir berre rundt to tredelar av det bøndene meiner dei må ha i oppgjeret i år.

– Staten leverer i dag eit godt tilbod som følgjer opp stortingsmeldinga om auka sjølvforsyning og inntektsopptrapping. Tilbodet viser at opptrappingsplanen blir følgd og det blir lagt opp til å tette ein tredel av inntektsgapet allereie i tilbodet i år, seier forhandlingsleiaren i staten, Viil Søyland, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet legg opp til at ein tredel av inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper kan tettast allereie i år. Inntektsveksten staten tilbyr ligg på rundt 70.000 kroner per årsverk, og ein reduksjon i inntektsgapet med 45.000 kroner per årsverk.

Bøndene misfornøgde

Til samanlikning la bøndene fram eit krav for halvanna veke sidan der dei krev til saman 3,9 milliardar kroner. Det skal utgjere ein samla inntektsvekst på nesten 83.000 koner per årsverk. Av dette skulle snautt 76.000 kroner bidra til å hente ut mykje av etterslepet til andre yrkesgrupper.

– Mange bønder står i ein krevjande økonomisk situasjon. Derfor er det nødvendig at inntektsgapet blir tetta raskare enn det regjeringa legg opp til i tilbodet. Skal vi nå måla om auka sjølvforsyning må inntekta til bonden opp, seier Bjørn Gimming, forhandlingsleiaren i jordbruket og leiar i Norges bondelag, etter å ha fått tilbodet frå staten.

Han meiner staten føreset ein lågare kostnadsvekst enn jordbruket har berekna i kravet sitt. Derfor verkar tilbodet frå staten betre enn det vi meiner det er grunnlag for.

– Tilbodet svarer ikkje ut Stortingets nylege marsjordre om auka sjølvforsyning, seier han.

– Det er bra at staten viser vilje til å tette inntektsgapet mellom bonden og andre grupper, men det går for seint til at det bidrar til auka sjølvforsyning og optimisme i næringa, seier leiar i Telemark Bondelag, Trude Flatland i ei pressemelding.

Vil avgrense prisveksten

Regjeringa har lagt stor vekt på å avgrense innverknaden til avtalen på matprisane. I tillegg til å finansiere tilbodet med ei auka løyving i statsbudsjettet på godt og vel 1,9 milliardar kroner, foreslår staten ein auke i målprisane for jordbruksavtalen innanfor ei ramme på 526 millionar kroner.

Samla auke i prisar er berekna til 2,4 prosent. Dette er lågare enn forventa prisvekst elles i samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Isolert sett vil forslaget gi ein auke i matutgifter på 350 kroner per år for eit gjennomsnittleg hushald, skriv Landbruks- og matdepartementet i pressemeldinga.

Jordbruksforhandlingane skal sluttførast innan utgangen av 16. mai.

Bøndene – her ved leiar Tor Jacob Solberg (til venstre) i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag – er ikkje fornøgde med tilbod frå staten i jordbruksoppgjeret. Ekspedisjonssjef Viil Søyland (t.h.) kalla det «eit godt tilbod» då ho presenterte det måndag. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB / NPK