ANKERKVINNE: Tina Bjåen sprang ein av ankeretappane for dei fem Vinje-laga som var i aksjon.

Kommunen stilte med fem lag. – Ingen som forventa at responsen skulle bli så stor

Vinje kommune sette i Holmenkollstafetten ein Vest-Telemark-rekord det skal bli vanskeleg å slå. For aldri har ein og same bedrift eller idrettslag, mobilisert heile fem lag i verdas største og kanskje mest prestisjefylte løpsstafett.

– Vi hadde forhåpningar om at det skulle vera såpass stor interesse i oppvekstseksjonen at det kanskje kunne bli to lag. Men det var nok ingen som forventa at responsen skulle bli så stor at vi enda opp med fire lag. I tillegg stilte kommunehuset med eitt lag. Det at rundt 60 av dei tilsette i oppvekstsektoren melde si interesse, vil seie at rundt ein tredjedel av dei som jobbar innanfor kommunens skular og barnehagar, var i Oslo og sprang, seier Rune Sudbø Tveito.

Han er til dagleg rektor ved Edland skule. Sundbø Tveito var også den som hadde ansvaret for organiseringa, då to bussar som var meir eller mindre fullasta med Holmenkollstafett-deltakarar, forlèt Rauland og Vinje og sette kursen for Oslo. Det vekte merksemd at ein forholdsvis liten distriktskommune øvst i Telemark kom til Oslo med fem lag. Sudbø Tveito ser ikkje bort ifrå at det kan bli like stor interesse neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk positive tilbakemeldingar

– Vi har berre fått positive tilbakemeldingar på opplegget. Dei fleste vende tommelen opp for at vi gjorde dette stuntet. Det flotte vêret var heilt klart ein medverkande årsak til at turen og opphaldet vart så vellykka. Kommunen tilbaud seg å betale transport og overnatting frå laurdag til sundag. For oss er dette ein investering i arbeidsmiljøet. Kort og godt eit trivselstiltak. Hovudtyngda av dei som er med er nok damer i alle aldrar, sa reiseleiaren til VTB.

Rune Sudbø Tveito kjenner at dette er eit folkehelse-tiltak. Han har i vinter og vår sett fleire som har jogga for å vera best mogleg førebudd, sjølv om stafettdeltakinga er eit lågterskeltiltak. Etappane i Holmenkollstafetten er ikkje lengre enn at dei aller fleste klarer å gå eller springe ein etappe.

Ingen restaurantar store nok

Vinje kommune var faktisk så mange i Oslo, at det ikkje var mogleg å finne ein restaurant som kunne ta imot alle samtidig. Derfor måtte kommunehusfolket og oppvekstsektoren ete på to ulike stader denne gongen. Det er ikkje så mange eteplassar som har kapasitet til å ta imot så mange samtidig.