Reidun Nygård seier det har vore så mange nesten-ulykker, og meiner det er nok berre flaks at det ikkje har enda med fleire dødsulykker.

«Etter kvart forstod me at han hadde hatt sin siste tur på heia, berre litt over 20 år gamal.»

For nokre år sidan mista Reidun Nygård i Fyresdal vennen sin i ei snøskuterulykke.

Med tanke på mellom anna ulykker og fyllekøyring rundt omkring, både sommar og vinter, skreiv fyresdølen Reidun Nygård (50) i slutten av juli eit brev til ordføraren og rådmannen om at slik kan det ikkje halde på lenger. Det enda med at ho stod fram med eit ærleg innlegg på det mykje omtala og flotte folkemøtet 2. november i Fyresdal om førebygging og haldningar. VTB har i tillegg til å ta med det Nygård sa framfor eit fullsett samfunnshus, i ettertid intervjua fyresdølen og den mangeårig aktive i bygdas Røde Kors.

– Det har vore så mange nesten-ulykker og det er nok berre flaks at det ikkje har enda med fleire dødsulykker. Eg synest det er heilt greitt å stå fram, med eit håp om at det kan vere med og føre til færre ulykker, seier Nygård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har ikkje tenkt å framstå som noko betre menneske enn andre, og innrømmer å ha gjort gale val.

– Som å ha vore så dum å ha sete på med andre som har køyrd i fylla, eller eg har køyrd sjølv i fylla for ein del år tilbake. Dette er noko eg aldeles ikkje er stolt av –eg skammar meg. Eg er glad køyringa gjekk bra, og var heldig at det ikkje enda i ei ulykke ...

– Ver ærlege

Nygård meiner det er sant at det i Fyresdal har vore ein del fyllekøyring med forskjellige køyretøy, og det er aldeles ikkje berre ungdomen som har gjort det, men også godt vaksne.

– Dette er ikkje greitt! Det som er gjort får me ikkje gjort noko med, men me må ta det med oss vidare som erfaring og lære av det i tida som kjem. Me må starte nå! Då meiner eg at me må fyrst og fremst vere ærlege, innrømme, sete ord på og snakke om det, elles blir det vanskeleg å få slutt på.

Nygård er einig i at det er for lite politi, men ho trur ikkje ein kan skulde berre på det.

– Me må sjølv starte i den andre enden – med haldningane og handlingane me har.

Merkeleg ukultur

Sidan det snart er ein ny snøskutersesong vil ho dele nokon eigne opplevingar. Familien har hatt hytte på Vestheiane i Fyresdal i mange år. På den tida Nygård voks opp og ho og andre var på hytta vinterstid, var det ikkje uvanleg at heile familiar skulle besøke kjente på hyttetur i nærområdet på ettermiddag og kveldstid på snøskuter.

– Det enda ein del gonger med at vaksne fyllekøyrde snøskuteren heimatt til hytta utpå kvelden eller natta, med familien på snøskuteren eller sleden. Det var liksom heilt vanleg på den tida at det kom fulle vaksne frå fjernt og nært køyrande på snøskuter på besøk til hyttene, til alle døgnets tider. Somme helger var det heilt vilt, eg var livredd mange gonger, seier Nygård.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er 40 år sidan. I dag tenker eg; for ein merkeleg ukultur eigentleg!

Venn døydde

I vaksen alder var ho vitne til at ein venn døydde i ei snøskuterulykke. Nygård leverte nokon snøskuterdelar på heia, og var i hytta til vennen. Så ville han ut og køyre snøskuter, det var mørkt, snøvêr og dårleg sikt. Like etterpå var ulykka eit faktum, han slo hovudet i eit tre. Livlaus blei han frakta tilbake til hytta i ein slede. Nygård var framleis der. Nokon kom inn i panikk og skulle ha pledd og anna.

– Det var ei veldig rar stemning, nokon meinte ein måtte gjere det og andre det, det blei småkjefting. Eg hugsar godt panikken blant oss som var til stades, då me desperat prøva å få liv i han med å rope, riste i kroppen og klappe i fjeset, men han viste ikkje livsteikn. Eg gløymer aldri det ansiktet, det var ingen teikn til reaksjon.

– Etter kvart forstod me at han hadde hatt sin siste tur på heia, berre litt over 20 år gamal. Det var brått, brutalt, vondt, uverkeleg og føltest meiningslaust. Eg snakka med han like før, plutseleg var han livlaus. Ei forferdeleg oppleving som sette sine spor, fortset Nygård.

Etterlyser løypenett

Nygård ynskjer å presisere at det slett ikkje er fullt av negativitet på heia.

– Det er mykje flott ungdom i Fyresdal. Eg vil eg rose dei for å vere svært flinke til å bruke gode klede og hjelm, dei har med seg telefon og dei passar på kvarandre når dei køyrer snøskuter.

Men, for det er eit men: – Ein del av dei som er eldre enn ungdomane, som skal vere rollemodellar for barn og ungdom, er ikkje så flinke til det. Hjelmen ligg ofte på hytta eller i bagasjeboksen på snøskuteren, og på hovudet har dei gjerne ei strikkelue eller caps og kanskje øyreklokker.

Nygård brenn for eit løypenett for snøskuterar på heia i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hadde vore kanon. Med løypenett trur eg det hadde blitt mindre ulovleg køyring, for då hadde folk kunna køyrd lovleg på dagtid, fått køyrd frå seg, og sete i hytta og kose seg om kvelden. Eg trur løypenett ville ført til færre uynskte hendingar.

Tok bilnykkelen og sprang

For ein del år sidan melde Nygård ein fyllekøyrar. Han var på vegen same natta som både Nygård og eine dottera hennar var ute og køyrde i kvar sin bil.

– Det å varsle på ein liten plass kan vere vanskeleg og tøft, ein kan vere redd for konsekvensane, til dømes eventuell hemn. Men ein varslar jo for at det ikkje skal skje ei ulykke. Eg hadde slite med frykteleg dårleg samvit viss eg ikkje hadde meldt ifrå og det hadde skjedd ei alvorleg ulykke etterpå, seier Nygård.

– Skulle eg vere så dum at eg fyllekøyrde, håpar eg nokon melder meg. For det kan redde både mitt og andre sine liv, fortset ho.

Nygård har tatt bilnykkelen av folk som både har køyrd i fylla og ville fortsette med det.

– Ein gong tok eg nykkelen frå ein som var dritfull, og så sprang eg heim. Dagen etterpå kom han og banka på og lurte på om han kunne få tilbake nykkelen. Eg svara at ja, ja, nå kan du få den.

Kjem til å redde liv

Framover håpar Nygård at alle kan hjelpe med å ta vare på kvarandre, slik at ein slepp fleire ulykker – der nokon mistar livet eller øydelegg si eiga eller andre si psykiske eller fysiske helse for resten av livet.

– Me skal ikkje slutte med å ha det moro og kose oss, og ikkje slutte å køyre snøskuter på heia, båt på vatnet eller køyretøy på hjul på vegen. Men me skal køyre utan å vera påverka av alkohol eller andre rusmiddel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nygård er ein av mange som nå sit i ei gruppe som skal jobbe med førebygging og haldningsarbeid i Fyresdal. Tanken er at ein skal ha ulike innslag kvar månad i fem år framover. Nyleg hadde gruppa møte der dei såg på ein plan for fyrste halvåret, frå nyttår.

– Eg trur førebyggings- og haldningsarbeidet som er starta i Fyresdal kjem til å redde menneskeliv, seier Nygård.

Ho seier det i ein alvorleg tone.

Og med eit stort håp og ynske.

– Fyresdal har ingen fleire å miste i ulykker, og det er så ufatteleg vondt for dei som blir råka.